– Vi må erkjenne at Ørsta sentrum har vorte urbanisert, og at denne utviklinga berre vil halde fram. Då er det naturleg å tenkje at vi i fleire farlege kryss får lysregulering.

Lensmannen har merka seg at det i somme område har vorte meir trafikk, samstundes som fleire kryss har vorte meir uoversiktlege.

– Eg tenkjer til dømes på kryssa Mosmarkvegen/Dalevegen/Anders Hovden-gata og Melsvegen/E39. Om ikkje her vert lysregulering heile tida, er det mogleg å ha lysregulering på dei tidspunkta vi veit at det er stor trafikk. Til dømes om morgonane og ettermiddagane når det ferdast mange elevar langs vegane, seier Hagen.

Han meiner det er ei oppgåve for Statens vegvesen saman med Ørsta kommune og politiet å tenkje framover for å sikre ei trygg trafikkutvikling i eit stadig tettare og meir trafikkert Ørsta sentrum.

– Vi veit til dømes at trafikken i Mosmarkvegen berre vil auke med endå meir utbygging på Øvre Mo.

<strong>Lyskryss:</strong> Lensmannen meiner det må vere aktuelt med lyskryss i krysset Mosmarkvegen/Dalevegen.