– Dette er eit prosjekt eg er veldig stolt av, og som vi ønskjer å verte hugsa for, seier dagleg leiar Roar Eiken i Din Bolig.

Selskapet står bak dette spesielle byggjeprosjektet på over 2000 kvm. Det er det største leilegheitsbygget som Din Bolig har bygt i Ørsta.

Engeset Panorama er unikt fordi det er det første såkalla passivhuset som vert bygt i Ørsta. Passivhus-konseptet inneber fleire kvalitetar enn elles, med stor vekt på energi og miljø.

Passivhus er hus med ein spesiell konstruksjon som gir eit vesentleg lågare energibehov enn dagens standard. Konseptet er utvikla i Tyskland.

– Passivhus har eit energibehov som er kring 25 prosent av norma for tradisjonelle bustader. Energibehovet vert redusert gjennom passive tiltak som ekstra varmeisolasjon, ekstra god tettleik, gode vindauge, utnytting av solenergi og varmegjenvinning, fortel Eiken.

Han konstaterer at prosjektet som ligg tilbaketrekt i krysset Håkonsgata/Mosmarkvegen tiltalar folk.

Lokalisering

– Vi har truffe veldig godt med marknaden. Det er kanskje ikkje så rart også med tanke på den gode lokaliseringa dette husprosjektet har. Frå leilegheitene får ein utsikt over store delar av sentrumsområdet, konstaterer Eiken nøgd.

Til no er det selt femten av 27 leilegheiter i Engeset Panorama.

– Det er unormalt mykje så tidleg i byggjeprosessen, så her går det unna. Folk bør ikkje sitje for lenge på gjerdet og vente viss dei er interessert i å bu i Engeset Panorama, seier salssjef Frode Tømmerbakk i Din Bolig.

Ein miks av unge og eldre, også einslege, har sikra seg leilegheit i blokka som ligg mellom gravstaden ved Mosmarka og Kiwi-butikken på Vallabøen. Fleire av kjøparane har selt hus med store hagar for å ha det lettvint på sine eldre dagar. Kjøparane får nøkkelferdige leilegheiter frå 55 til 96 kvm med pris frå to til fire millionar kroner. Leilegheitene er også gunstig husbankfinansierte og har fem års garanti. Livsløpsstandard med heis og vassboren varme høyrer med. Til og med grøn, ferdiglagd plen og vegar med fast dekke skal huskjøparane kome til.

– Før i tida gjorde huskjøparar gjerne eigeninnsats, men det er det no nærast slutt på. Folk vil flytte inn i nøkkelferdige husvære, dermed slepp kundane byggjelån. Og dei betalar for huset først når dei har flytta inn, fortel Roar Eiken.

Han er ein stor aktør på bustadmarknaden. Selskapet har høg aktivitet på store delar av Sunnmøre, og har sikra seg tomteareal til omlag 600 bueiningar på Søre Sunnmøre.

– Målet er at dei første leilegheitene i Engeset Panorama skal vere klare til innflytting til jul, seier Eiken.

<strong>Panorama:</strong> Utsikta frå leilegheitene i Engeset Panorama er svært god, konstaterer frå ventre marknadsansvarleg Bjørn Hovde, prosjektleiar André Mo, salssjef Frode Tømmerbakk og dagleg leiar Roar Eiken..
<strong>Engeset Panorama:</strong> Slik vert engeset Panorama når det er ferdig bygt.