Slettedal stod overfor eit val mellom å legge ned eller å satse for fullt. Valet fall på det siste. Til jul flytta 50 mjølkekyr inn i eit nytt og toppmoderne fjøs, og budsjettet for satsinga var på rundt 10 millionar kroner.

Under synfaringa tysdag fekk medlemmane i landbruksnemnda sjå den ferdige fjøsen, og Slettedal svara villig på spørsmåla som medlemmane hadde. Landbruksnemnda var imponert over satsinga til Slettedal.

– Dette er ei frisk satsing. Vi takkar for at vi fekk lov til å besøke deg, og ynskjer deg lykke til vidare, sa leiar Ola Perry Saure (Sp) til Slettedal.

Synfaringa gav landbruksnemnda ein vekkjar, for i debatten om årsmeldinga til landbrukskontoret på møtet i nemnda etterpå, vart det påpeika slike moderne fjøsar er kostbare for dei fleste bøndene.

– Eg synest det er gledeleg at Framstegspartiet på sitt landsmøte vedtok å få til ei utsetjing av avviklinga av båsfjøsar. Viss kravet at utfasinga skal vere gjennomført innan 2024 står ved lag, vil det vere dramatisk for gardsstrukturen i Ørsta. Framleis er dei aller fleste driftsbygningane båsfjøsar, og dette er på dei minste bruka, sa Saure på møtet.