– Det er naturleg å tenke samdrift av bygga i sentrum. Kanskje kan vi kople saman kulturhuset med ein ny vidaregåande skule, og bygge fellesareal med aula, bibliotek og kantine, seier stabsleiar Eldar Øye og plansjef Gunnar Wangen.

Dei understrekar at dei tenkjer høgt, og at det førebels ikkje er snakk om konkrete planar. Dei viser til signala dei har fått frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som seier at dei ønskjer seg ein sentrumsnær vidaregåande skule.

Tettstadskoordinator Arne Dag Gjerde frå fylkeskommunen har tidlegare varsla om at eit vidare samarbeid med fylkeskommunen sitt tettstadsprogram må byggje på intensjonane i vinnarframlegget i Europan-konkurransen, der fortetting er sentralt, viss ikkje kan kommunen misse tilskot. Dei opphavlege planane om ny vidaregåande skule på Mosflata er dermed ikkje like aktuelle å gå vidare med for fylket.

– Fylkeskommunen har brukt omgrepet «campus». Med vedtaket om fleirbrukshall på Utstillingsplassen, er det grunnlag for å leike med tanken på at vi kan gå vidare med dette ved å legge til rette for sambruk og ei større fortetting i dette området. Det er mogleg å bygge vidare på den gamle husmorskulen, og vidareutvikle Ørsta kulturhus, slik at heile området vert ein såkalla campus for idrett, skule og kultur. Det er naturleg å sjå desse tre som eitt element i same sak, vurderer Wangen og Øye.

Meirverdi

Dette er heilt i tråd med signala frå bygge- og vedlikehaldssjef Per Olaf Brækkan i Møre og Romsdal fylke. I eit notat til kommunen, som Møre-Nytt har referert til tidlegare, skriv Brækkan:

– Ein ny skule til 350 millionar kroner bør byggjast og lokaliserast i samsvar til dei føringar som Europan-prosjektet gir. Den nye skulen bør også plasserast slik at funksjonar i skulen kan byggjast i samarbeid med Ørsta kommune.

Areal som støttar funksjonar for både kommunen og fylkeskommunen vil kunne utnyttast ein større del av dagen, og dermed ha lågare drift- og investeringskostnad for eigarane.

– Meirverdi for bygningane, kallar dei det. Deling av funksjonar er viktig. Slik vi vurderer det var plasseringa av fleirbrukshallen på Utstillingsplassen eit utruleg viktig vedtak for Ørsta. Det gjer at det opnar seg nye og store moglegheiter for oss. Vi har også eit hotell i same område som det vil vere naturleg å kople til desse planane, seier Wangen og Øye.

Velle skule

Det vil koste dyrt å renovere dagens vidaregåande skule i Ørsta sentrum. Difor er tanken til fylkeskommunen at dei vil finne ei ny og eigna tomt for å bygge ein ny. I så fall vil dagens bygningsmasse mellom Holmegata og Velle skule verte sanert.

– Dermed opnar det seg ei moglegheit også for Velle skule til å verte den store sentrumsskulen som han skal vere. Dei har allereie no plassproblem, men ved å fjerne den vidaregåande skulen, vil Velle skule få god plass til å utvikle seg, seier Wangen.

Skyte fart

– Det skjer mykje spennande framover, og no har vi sjansen til å bygge eit sentrum som heng saman. Kva som vert utfallet av saka kan vi sjølvsagt ikkje spå.

Øye rosar også innsatsen til ordførar og varaordførar, som har vore i Molde for å snakke fram den vidaregåande skulen. Han var ei tid ute av investeringsplanane til fylkeskommunen, men er no foreslått teken inn att.

– Frå juni av, når vedtaket vert gjort i fylkeskommunen, kan dette skyte fart, seier Øye.