På kommunestyret sitt møte sist veke skreiv ordførar Stein Aam under på ein avtale om at Ørsta kommune vil ta del i Nasjonalforeininga for folkehelsa sitt landsdekkjande prosjekt om eit demensvennleg samfunn.

Tanken er at små grep kan gjere ein stor skilnad for alle menneske, og då ikkje berre for menneske med demens. Det som er bra for menneske med demens er også bra for alle andre. Og her må både helse og omsorg, næringsliv og lokalsamfunn involverast, meiner Nasjonalforeininga for folkehelsa.

Bodil Skare i kommunen sitt demensteam presenterte seg overfor politikarane. Gruppa er sett saman av åtte personar som har demensarbeid i tillegg til sine vanlege arbeidsoppgåver. Gruppa møtest to timar kvar månad.

Skare orienterte om korleis eit pasientløp ofte er i dag og kva tiltak som kan setjast inn for å gi hjelp før.

– Tidleg hjelp gir brukarane ein god livskvalitet og ein verdig alderdom i tillegg til at det er god ressursbruk for kommunen, sa Skare.

Presenterte

Jørn Humberset frå Volda og Ørsta demensforeining presenterte foreininga der styret er sett saman av helsepersonell og pårørande.

Humberset orienterte om prosjektet med eit demensvennleg samfunn der måla er å betre forholda for dei demente i kommunen.

Vidare er det eit mål at det skal verte enklare for demente å vere ein del av lokalsamfunnet og at denne gruppa skal kunne bu heime lenger.

– Ein nøkkel er auka kunnskap og meir openheit kring demens. Dei med demens skal føle seg nyttige i lokalsamfunnet og fellesskapet, sa Humberset.

Kurs

Demensforeininga kan halde kurs (1-2 timar) for drosjenæringa, kollektivtilsette, butikktilsette, sørviskontor, bibliotek, tannlege og andre som vil ha nytte av å vite kor ein best mogleg kan hjelpe demente i kvardagen.

Jørn Humberset minte elles politikarane om det også er viktig med eit godt samarbeid mellom frivillige og kommunen.

<strong>Styret i Volda og Ørsta demensforeining:</strong> Eldfrid Øye, Jørn Humberset, Øygunn Eiksund og Kjellaug Aarhus.