Ein nøgd butikksjef, Marius Søvik, konstaterer at utvidinga av Byggmix i Volda er i rute. Snart har dei dobbelt så stort areal å boltre seg på, med 2.000 kvadratmeter på Rotset.

– Byggeprosessen har pågått sidan i fjor haust, og heile tida har vi halde ope, parallelt med utbygginga. No gler vi oss til å få alt klart, seier han.

Nytt namn

Det er Coop Vest som er byggherre, og når butikken er ferdig, skiftar dei også namn til Coop Extra Bygg.

– Extra Bygg har noko lågare prisar enn Byggmix. I tillegg får vi no mykje større plass til å eksponere varene våre, og vise dei fram i sitt rette element. Det vere seg garderobeløysingar eller baderomsinnreiing.

Søvik er glad for at Coop Vest ser potensialet butikken har, og at dei satsar.

– Butikken i Volda har vore ein stor Byggmix i omsetnad, og lokala våre har ikkje stått i stil til det. Vi har vakse oss ut, og når dei først satsa, valde dei å bygge nytt. Tråden i det heile er Kvivsvegen og det at vi ligg gunstig til i ein større region. Butikken vil vere ein butikk for heile regionen, med fokus på Ørsta, Volda og Nordfjord spesielt. Vi er glade for at Coop Vest har trua på regionen og marknaden, seier butikksjefen.

Sjølve utbygginga kostar mellom 25 og 30 millionar kroner.

Drive-through

– Vi er overbevist om at dette kjem til å verte veldig bra. Inklusive dei som jobbar deltid, er vi rett over tjue tilsette med ulike kompetanse, og denne satsinga gir ny giv.

Butikken har ei eiga avdeling for trelast, og her vert det også «drive-through», der kundane køyrer inn porten i eine enden av bygget, plukkar med seg dei varene dei ønskjer, betalar og køyrer ut på nedsida. Butikken og trelasthandelen er også bygd saman, slik at kundane kan gå mellom dei to ulike avdelingane.

– Her skal folk kunne handle tørrskodde heile året, seier Søvik.

Dei vil også satse meir på utkøyring til kundar i heile regionen, med faste ruter og større køyrekapasitet enn dei har hatt tidlegare. Også opningstidene vil verte utvida, for å gjere det enklare for kundane å handle etter arbeidstid.

– Dette har vi forstått er eit sterkt ønske frå kundane.

Eit par veker før nyopninga vil butikken halde stengt for å få alle varer på plass, og for å gjere butikken heilt klart il opning.

– Og så vert det stor opningsfest med mange gode tilbod 9. juni, lovar Søvik.

<strong>Gler seg til ny butikk:</strong> Butikksjef Marius Søvik og gruppeleiar for bad og garderobe, Anita Saltkjel. Foto: privat