Ulykka har skjedd mellom Helgehorntunnelen og Morkaåstunnelen. Ein bil var involvert, ifølgje NRK.

Naudetatane var på staden. Tre personar var i bilen då han krasja. To av dei vart frakta til Volda sjukehus, medan den tredje vart frakta til Ålesund sjukehus med helikopter.

Helse Møre og Romsdal opplyser at skadane til mannen som vart frakta til Ålesund er lette, og at tilstanden er stabil.

Årsaka til ulykka er ikkje kjend.

Meldinga om ulykka kom rundt klokka 23 onsdag kveld.