- Turistane vil ha noko som er produsert lokalt og ikkje er for dyrt når dei er ute og kjøper suvenir. Desse huene har eg sytt på mi eiga maskin, og klippt opp stoffet ved sengefoten, seier Sølvi Myklebust.

I fjor reiste ho frå Ørsta med sykkelen på taket og symaskina i bagasjerommet. Ho stoppa i Lyngen, og der har ho vorte verande. Sølvi har alltid likt å sy og vere kreativ, og dreiv også ei lita sybedrift då ho budde på Bjørke.

- Eg fekk denne ideen om å sy huer som profilerer Lyngen. Dette er fargerike plagg med stadnamn og koordinatar for staden, seier Sølvi.

No har ho eksportert ideen til heimbygda, og sydd opp eit parti med huer og panneband med Ørsta-trykk. Dei er no å få ved turistinformasjonen på Amfi Ørsta.

– Det er veldig fint for oss å kunne tilby eit slikt lokalt produkt. Vi har bestemt oss for ikkje å ha veggane fulle med troll som er produserte i Kina, men heller fokusere på lokalproduserte suvenirar, seier Siri Dahl i Ørsta reiselivslag.

Huene blir truleg også å få fleire stader i kommunen i løpet av sommaren.

- Det er refleks i alle huene, og skredkort følgjer med. Eg synest det er viktig å tenkje litt på tryggleiken når eg lagar noko slikt.

Sølvi planlegg fleire Ørsta-motiv på sikt.

- Det blir anten med motiv frå Saudehornet eller Slogen. No sel eg bomullshuer, men eg vil også sy huer i merinoull, lovar ho.