19. mai er det folkerøysting i Ørsta og Volda. Då skal innbyggjarane få seie sitt om framtida til kommunane. Skal Ørsta og Volda bli til éin kommune, eller skal dei halde fram som i dag?

Med tenesta «Kan du svare» gir vi deg høve til å spørje om det du lurer på om kommunereforma, og få svar frå leiinga i Ørsta kommune eller Volda kommune.

Tenesta er eit samarbeid mellom Møre-Nytt, Sunnmørsposten og dei andre «systeravisene» på Nordvestlandet: Sunnmøringen, Vikebladet Vestposten, Fjordingen, Fjordabladet og Fjordenes Tidende.

Slik gjer du det

Gå til kandusvare.smp.no - klikk på knappen «Still ditt spørsmål her» og fyll ut skjemaet.

Du kan også klikke på dei enkelte kommunane, og få opp spørsmåla som allereie er stilte.