Det er ei gruppe med fjellfolk og næringsaktørar som arbeider med prosjektet, og gruppa har hatt møte med Ørsta kommune om ideen. Med i gruppa er mellom andre Stig Helset.

Planen er å lage ei «Via Ferrata»-rute mellom Elsandtindane ovanfor Trandal og til Saksa ovanfor Urke, kalla Hjørundfjordegga.

«Via Ferrata»-konseptet har dei siste åra teke av også i Noreg. Fleire stader har fått slike ruter, også har vorte store attraksjonar. Romsdalsegga ved Åndalsnes og Via Ferrata ved Loen er slike døme. Det er luftige turar i fjellet som byr på utfordringar både fysisk og mentalt, og der det med boltar og taustigar t.d. er lagt til rette for å kome seg trygt forbi ymse vanskelege passasjar.

Graden av fysiske inngrep i naturen er avhengig av korleis kommunen må møte og handsame eit slikt prosjekt. Og kommunen ynskjer at initiativtakarane kjem med meir konkrete planar.

– Under presentasjonen var det framleis uklart kor omfattande ei eventuell tilrettelegging vil vere. Før kommunen kan ta endeleg stilling til korleis ein eventuell søknad om tilrettelegging med Via Ferrata for «Hjørundfjordegga» frå Saksa til Elsandtindane må handsamast, må vi ha nærmare informasjon om kva

strekningar og omfang av terrenginngrep som er aktuelt, kva tryggingstiltak og betalingsordningar det skal vere, ei vurdering av om tiltaket vil redusere moglegheita og opplevingsverdien for tradisjonelt friluftsliv i det aktuelle området, og korleis fysisk tilrettelegging er tenkt gjennomført, skriv avdelingsleiar Gunnar Wangen til initiativtakarane.

Det vert peika på at det aktuelle området er i ein del av det alpine landskapet som i utgangspunktet skal vere mykje inngrepsfritt, og det vil kanskje verte kravd ymse søknader som byggjeløyve viss det skal inn boltar, stigetrinn og bruer.

– Nytteverdien av eit slikt tiltak må kome godt fram i ein søknad. Skal ein kunne leggje til grunn at ei slik tilrettelegging har ein næringsmessig grunnlag, må det kome klart fram korleis tiltaket skal generere næringsinntekt/aktivitetar lokalt. Lokalisering i nærleiken av serviceinstitusjonar er då heilt sentralt, skriv Wangen.