– Eg hadde mykje flaks og viste total mangel på respekt for landskapet og forholda. Eg overvurderte mine eigne evner og gløymde alle reglar eg har lært. Dette er noko som eg aldri vil, eller skal oppleve igjen, og det håper eg ingen andre gjer, seier Rønning etter den dramatiske fjellturen til Maudekollen.

Etter ein fin tur skjærtorsdag opp til Jenteskaret, nabofjellet til Slogen, saman med to kompisar, bestemte skiglade Bjørn Rønning frå Urke å halde fram skituren ålene bortover ryggen mot toppen av Maudekollen i staden for å ta den relativt slakke returen der dei kom opp.

– Frå toppen hadde eg tilgang til den bratte og fine nordsida av fjellet. Eg tenkte berre på ein ting: finne den råaste pudderlinja ned. Eg følgde spora til nokon som hadde køyrt der tidlegare på dagen for å vere på den trygge sida, seier Rønning.

Han har køyrt same ruta ned frå fjellet fleire gonger og tenkte ikkje i det heile at han kunne verte utsett for eit skred. Men då tok han feil.

Losna

– I første sving i det bratte partiet losna eit 20–30 cm tjukt lag med kram nysnø under skia mine. Saman med eit 5–10 meter breitt parti sette eg fart nedover fjellsida, fortel Rønning som fekk panikk.

– Eg trudde min siste time var komen. Eg tok ein liten salto inn i skredet som føltest som ei ein meter høg bølgje som bar meg nedover. På mirakulaust vis fekk eg retta skia oppover. Det gjorde at eg kom ut på toppen av skredet igjen. Skredet stoppa i nokre få sekund etter 50 meter, og delte seg i to før eg heldt fram nedover nye 40 meter. Utruleg nok så stoppa den øvste delen av skredet før eitt bratt parti, og eg konstaterte at eg ikkje var gravlagd, og at eg var uskadd. Resten av skredet eskalerte og heldt fram i stor fart, ca. 300 meter ned mot Lisjevatnet, fortel ein skaka Rønning.

Han trudde han var helt ålene, og byrja å rope, men kompisane hadde følgt med han frå Langseterdalen på det Rønning karakteriserer som galskap.

– Dei peika og gaida meg i tryggleik då raset hadde stoppa.

Bjørn Rønning kom frå den dramatiske opplevinga uskadd.

– Men eg hadde altså mykje flaks. Hadde skredet passert stupet, hadde eg følgt med to hundre meter. Eg vil ikkje tenkje på konsekvensen, seier Rønning.

Han er framleis prega av hendinga, men vil tilbake til i fjellet. No har han fått ein lærepenge, og han åtvarar mot å ta sjansar i fjellet.

– Det er viktig å bu seg så godt som råd. Folk hadde køyrt same ruta ned att tidlegare på dagen. Men då eg kom gjekk det altså gale. Fjellet er lunefullt, og snøkreftene er enorme, konstaterer Bjørn Rønning som har budd i Stavanger siste åra.