Ho støttar rådmannen sitt syn på at det må kome ei ny runde for lokalisering av hallen som i mange år har vore planlagt bygt på Mosflata.

– Vi har til no ikkje vore tydelege på lokaliseringa av hallen. Men vi er uroa for det gode læringsmiljøet vi i dag har viss hallen vert bygt på Mosflata. Eg meiner ein må ta seg tid til ein grundig lokaliseringsdebatt, seier Ose til Møre-Nytt.

Ho meiner det beste vil vere å byggje hallen på Utstillingsplassen.

– Det vert ikkje bygt ny vidaregåande skule på Mosflata på mange år. Den dagen skulen kjem er det ein fordel at fleirbrukshallen står klar, miener Ose.

Ulemper

Ørsta ungdomsskule meiner at bygging av ny hall på Mosflata vil føre til ei rekkje ulemper for elevane og lærarar når det gjeld logistikk og at elevane skal gå til og frå hallen i friminutta. Gange til og frå hallen vil «stele» tid frå undervisningstida deira og skulen ber kommestyret revurdere plasseringa av hallen.

Skulen stiller spørsmål om korleis ein skal forflytte alle elevar heile året til og frå den nye hallen. Skulen meiner det også må avgjerast kva tid elevane skal bruke til å kome seg til og frå hallen. Skal ein ta frå pause eller undervisningstid? Skulen peikar på at gangavstand kan verte utfordrande vintertida med elevar med funksjonshemmingar. Skulen meiner dei må ha eige opplegg med drosje fram og tilbake.

– Ein må unngå tidstjuvar som stel tid frå undervisninga då det vert mykje vandring att og fram kvar einaste dag, seier rektor Ose.

I planlegginga av ny hall, så er ungdomsskulen er mest uroa for at gamle Ørstahallen vert riven.

– Vert hallen riven, misser vi eit svært viktig areal for skulen. Dette arealet kan i noko grad erstattast av den nye hallen, men nærleiken til eit fellesareal vil verte borte. Vil skulen kunne få eit erstatningsareal nær skulen? Spør rektoren.

Revurdere

Barne- og ungerepresentanten i kommunane, Ingvild Endal, oppmodar kommunestyret å revurdere plasseringa av fleirbrukshallen i lys av fortetting etter Connecting Ørsta, og vurdere utbygging vest for Rossåa ved Ørsta hallen, grusbana og Ørsta klubbhus.

– Arealet er tilstrekkeleg stort nok. Strategien til vinnaren av Europan om å konsentrere og samle funksjonar nærare sentrum og i tilknyting til allereie opparbeida idrettsanlegg vil m.a. gjere det tryggare for barna, seier Endal i eit innspel til kommunen.

Riven

Uavhengig av plassering av ny hall, rår rådmannen til at eksisterande Ørstahall vert riven.

Dette fordi alternativet med drift av begge hellene etter rådmannens sitt syn, vil innbære for stor belasting på driftsbudsjettet. I tillegg kjem kostnader med oppgradering av bygget.

– Dersom eksisterande Ørstahall skal nyttast til same formål som i dag i framtida, må årlegedrifts- og vedlikehaldskostnader på to millionar kroner innarbeidast i driftsbudsjettet. I tillegg må det løyvast 25 millionar til oppgradering av hallen. Då er ikkje oppgradering av eksisterande symjebasseng teke med i tillegg til at teknisk forskrift og universell utforming ikkje er stetta, seier rådmannen.

<strong>Vil ha ny lokaliseringsdebatt:</strong> Rektor på Ørsta ungdomsskule, Marianne Solbjørg Ose.