For under ein månad sidan vart Kari Lundestad Myrold også tildelt diplom frå Norges Friidrettsforbund for administrativ innsats.

Lundestad Myrold har i over 30 år gjort ein enorm innsats for friidretten i Ørsta og i Møre og Romsdal. I mange år, både sommar og vinter, har ho trent sprintgruppa i Ørsta IL friidrett. Ho har også vore aktiv i styret i klubben og på kretsnivå. Takka vere Kari sin store innsats har klubben hatt fleire utøvarar heilt i landstoppen.

Ho har motivert og inspirert svært mange utøvarar og andre trenarar, og ho motiverer og inspiserer vidare som aktiv trenar. Kari Lundestad Myrold har sjølv vore aktiv friidrettsutøvar i Ørsta IL, og har framleis fleire klubbrekordar.Ho har rundt 15 resultat på topp 10-lista i Ørsta IL.

I tillegg hadde ho rekordar på 100- og 200 meter som stod i 29 og 30 år. Eldsjela frå Ørsta har fått fram fleire utøvarar heilt i landstoppen.

Magne J. Krumsvik (ref.)