PLIVO beskriv korleis brann, helse og politi skal samvirke i ein ekstrem situasjon. Hensikta er å redde liv og avgrense skade ved effektiv samhandling i situasjonar kor det vert utøvd livstrugande vald. PLIVO er eitt av fleire oppfølgingstiltak etter hendingane 22. juli 2011. Politidirektoratet opplyser at ekstreme hendingar dei siste åra i Noreg og i utlandet har vore utgangspunktet for utarbeidinga av prosedyren. I førre veke hadde naudetatane øving i Volda, og denne veka var det øving i Ørsta.

Under øvinga var det lagt opp til to ulike scenario. I det første scenarioet hadde ein gjeringsmann med kniv skada mange sivile. Mannskap frå Ørsta brann og redning, saman med ambulansepersonell, var dei første til staden. Her måtte mannskapet vurdere korleis dei skulle ta fatt på situasjonen, og dei var klar over at væpna politi var på veg.

I det andre scenarioet var kniv bytta ut med skytevåpen, og politiet var dei som først kom på plass. Som i den første hendinga var målet å få gjeringsmannen under kontroll så raskt som råd, slik at dei sivile med livstrugande skadar kunne fraktast ut av bygninga og få behandling.

– Dette er ein ny måte å jobbe på og som er innført frå Direktoratet for tryggleik og beredskap. Vi må no trene saman for å skape ei felles forståing for korleis dette verkar, og korleis vi skal virke saman. Dette er meir nytt for helse og brann enn kva det er for politiet. Så det er heilt essensielt at dei tre etatane får sjå korleis vi skal virke i leiingspunktet og inne i aksjon, seier øvingsleiar Frode Digernes.

Situasjonane som naudetatane øvde på å handtere tysdag er situasjonar som ingen ynskjer skal oppstå, men som kan bli reelle.

– Dette vil skape nye situasjonsbilete og situasjonsforståing for brann og helse. Vi i politiet må spisse oss litt mot det politifaglege, i tillegg til samtrening med brann og helse. Det er viktig at etatane snakkar same språk når vi er ute på ei hending, og at vi kan gjennomføre utan klikk og forkiling. Brann, helse og politi i Noreg skal ha trent på dette innan sommaren.

PLIVO-øvinga skal gjennomførast i alle kommunane på Søre Sunnmøre, og alle i naudetatane skal gjennomføre øvinga.