Forhandlingane om kommunesamanslåing med Ørsta er fullførte. Intensjonsavtalen er ført i pennen av eit forhandlingsutval som, med eitt unntak, er sett saman av over 50 år gamle politikarar og rådmenn. Likevel har ungdomsråda i kommunane vorte involverte i prosessen, presiserer leiaren i Ørsta ungdomsråd.

– Vi var med i tenketankgruppa i fjor haust, og deltok på det store møtet mellom kommunane i Loen. Likevel så skulle eg gjerne sett at vi vart inviterte til å vere til stades under sjølve forhandlingsmøta, seier Lisa Follestad til Møre-Nytt.

Skeptiske

Ungdomsrådet i Ørsta har ei skeptisk haldning til samanslåing av Ørsta og Volda.

– Vi er særleg uroa for konsekvensane for ungdomane i utkantane. Dei er allereie ei utsett gruppe, og vi er usikre på kva konsekvensar samanslåinga får for skule og fritidstilbodet der.

Follestad ser også at  samanslåinga kan få positive konsekvensar.

– Vi kan få betre samarbeid på idrett og kultur enn i dag. Vi samarbeider allereie om UKM, og det fungerer bra. I tillegg deltek mange ungdomar på fritidstilbod på andre sida av kommunegrensa. Likevel er det viktig at tilboda er der ungdomen er. Det er ikkje alle som har høve til å reise mykje mellom Ørsta og Volda. Difor er det viktig at det framleis er tilbod i begge kommunane, også etter samanslåinga, seier ho.

Intensjonsavtalen gjer det klart at tenestetilbodet i den nye kommunen framleis skal vere nær innbyggjarane.

– Det er likevel vanskeleg å vite på førehand kva dei reelle konsekvensane av samanslåinga blir, seier Follestad.

Det er dette som er hovudårsaka til skepsisen i ungdomsrådet. Dei meiner dei har fått vite for lite om konsekvensane av samanslåinga.

– Difor vil vi passe på at ungdomen sine interesser blir tekne omsyn til dersom det blir ei samanslåing.

Det er heller ikkje til å kome vekk frå at det er kulturskilnader mellom Ørsta og Volda, ifølgje ungdomsrådsleiaren.

– I Ørsta står rånekulturen sterkt blant ungdomen, og slik er det ikkje i Volda.

– Men folk kan vel bu i same kommunen sjølv om det er kulturskilnadar mellom bygdene?

– Ja, så lenge dei skilnadane får lov til å vere der. Det er også skilnader mellom Ørsta, Hovdebygda Vartdal og Hjørundfjord, seier Follestad.

– Kva meiner de om at Hornindal og Stryn også kan bli del av den nye kommunen?

– Det meiner vi blir for stort og for store avstandar, og mange av dei negative konsekvensane vi fryktar ved ei samanslåing av Ørsta og Volda, som til dømes svekking av utkantane, kan bli forsterka om det skjer.

Folkerøysting

19. mai er det folkerøysting om kommunesamanslåing. Då har alle frå 16 år og oppover rett til å seie si meining om kor vidt Ørsta og Volda bør bli éin kommune. Leiaren i Ørsta ungdomsråd trur det kan bli utfordrande å få ungdom til å kome til stemmeurnene for å seie si meining. «Kommunereform» er ikkje eit ord som vekkjer det store engasjementet, for å seie det slik.

– Vi merkar at det er vanskeleg å få ungdom til å engasjere seg i politikk generelt, og særleg i kommunesamanslåinga, seier Follestad.

Ungdomsrådet har fått oppgåva med å få opp dette engasjementet før folkerøystinga.

– Vi har fått 50.000 kroner frå fylkesmannen som vi skal prøve å bruke på best mogleg måte. Vi skal reise rundt på skulane og arrangere quizar og andre aktivitetar, for å gi ungdom kunnskap og overtale dei til å røyste. Vi tenkjer også å gjennomføre ein Instagram-konkurranse. Målet er at flest mogleg skal delta i folkerøystinga, forklarer Lisa Follestad.

Volda

Det har ikkje lykkast Møre-Nytt å kome i kontakt med Volda ungdomsråd. Under møtet i Loen uttalte medlem Maiken Gjøsdal til NRK at ho frykta meir sentralisering og nedprioritering av bygdene ved ei samanslåing.

– Eg er jo generelt positiv til kommunesamanslåing, men det er ein del ulemper med det, sa Gjøsdal.