- Føretaksgrensa hindrar akuttinlegging ved næraste sjukehus, seier Ola Yttre, leiar i Ambulanseforbundet, til avisa Fjordingen i Stryn.

Han siktar til føretaksgrensa mellom Helse Førde og Helse Møre og Romsdal, som går mellom Sunnmøre og Nordfjord. Utgangspunktet er at akuttpasientar i Nordfjord skal køyrast til Førde sentralsjukehus, sjølv om Volda sjukehus er nærare. Frå Hornindal er det 20 minutt til Volda, medan det er mellom 1,5 og 2 timar til Førde, avhengig av føretaksgrensa.

Yttre fortel til Fjordingen at mange ambulansetilsette er frustrerte over stadige diskusjonar over radiosambandet om kvar pasienten skal køyrast.

Han viser også til ei eiga oppleving, der han skulle hente ein alvorleg sjuk pasient i Hornindal. Han fekk beskjed frå AMK om å vente på beskjed om kvar han skulle køyre. Sidan pasienten var svært dårleg, valde Yttre å køyre til Volda medan han venta.

Då dei kom fram, gav AMK beskjed om at pasienten skulle køyrast til Førde. Det retta ikkje Yttre seg etter.