Pakking: Produksjonsarbeidar Dzema Pinjic og meierisjef Bente Reklev sjekkar at dei vakuumpakka ostane held mål. (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Pakking: Produksjonsarbeidar Dzema Pinjic og meierisjef Bente Reklev sjekkar at dei vakuumpakka ostane held mål. Foto: Janne-Marit Myklebust

Bedømming: Meierisjef Bente Reklev er ostedommar, og på bedømmingsrommet testar ho den nye oste. – Veldig god, er hennar dom. (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Bedømming: Meierisjef Bente Reklev er ostedommar, og på bedømmingsrommet testar ho den nye oste. – Veldig god, er hennar dom. Foto: Janne-Marit Myklebust

På løpande band: Tunga beint i munnen når osten kjem susande på produksjonsbandet. Produksjonsarbeidar Stig Ove Aarhus har falkeblikk på ostane som sig forbi for å sjekke at dei er gode nok til å verte pakka på neste stasjon. (Foto: Janne-Marit Myklebust)

På løpande band: Tunga beint i munnen når osten kjem susande på produksjonsbandet. Produksjonsarbeidar Stig Ove Aarhus har falkeblikk på ostane som sig forbi for å sjekke at dei er gode nok til å verte pakka på neste stasjon. Foto: Janne-Marit Myklebust

1 / 3

Ny ost frå Ørsta

290 tonn med Tine si nylansering: Norvegia med paprika, vert produsert ved meieriet i Ørsta.

– Vi hadde ein prøveproduksjon av osten i fjor sommar, og det vart ein suksess, så vi er veldig glade for at vi fekk starte å produsere osten for butikk.

2.600 tonn

Produksjonen av Norvegia med paprika starta opp i oktober i fjor, men osten har ei modningstid på åtte veker, så han har ikkje vore synleg i butikkane før heilt nyleg.

– Eg kjøpte meg ein pakke denne veka, så no er han ute, fortel meierisjef Bente Reklev.

Ho handlar altså ost på butikken, til trass for at ho har tilgang på fleire tonn ost på sin eigen arbeidsplass. I løpet av 2015 produserte dei 2.600 tonn med ost – ein nedgang på ni prosent samanlikna med året før.

– Det er hovudsakleg Snøfrisk som står for tilbakegangen på grunn av russisk boikott, fortel Reklev.

Elles sel ostane deira godt. På produksjonslista har dei velkjende namn som til dømes Edamer. Vanleg Norvegia står også på lista, Norbo-kvitost, Snøfrisk kvitost og kremost, ulike typar spesial-brunost, søst og gomme og geiterømme.

To smakar

Dei rundt 50 tilsette ved meieriet har nok å styre med, men lanseringa av den nye osten kjem godt med.

– Vi har ofte mykje å gjere i første halvår på grunn av produksjonen av Edamer – som vert selt i juletider, men så roar det seg ned. Med Norvegia paprika er vi sikra ei meir stabil drift, fordelt over heile året, og det er svært gledeleg, reflekterer Reklev.

Norvegia paprika er ei av dei største lanseringane til Tine i år. Selskapet har uttalt at forbrukarane i auka omfang søkjer variasjon og produkt som har meir smak. Norvegia med krydder er ein måte å svare forbrukarane på, og osten kjem med to smakar, paprika og pepar. Ørsta står for produksjonen av paprikaosten, medan meieriet i Storsteinnes i Troms står for pepar-versjonen.

Inne i produksjonslokalet viser Bente Reklev fram fleire titals tikilosblokker med Norvegia paprika som badar i lake. Derifrå vert dei ført inn på eit produksjonsband for sjekk og pakking. Så sender Ørsta-meieriet frå seg osten. Før han hamnar i butikkane vert osten skiva og pakka i merka pakkar, men dette vert ikkje gjort i Ørsta.

Dommen

Bente Reklev er stolt berar av tittelen ostedommar. Inne på eit bedømmingsrom står metervis med Norvegia paprika lina opp på bordet. Utstyrt med ostehøvel og spyttebak er det berre å jobbe seg bortover ostane. Dei som har vore på vinsmaking veit kva dette dreier seg om. Meierisjefen sjekkar utsjånad, konsistens og smak. Frå før produserer meieriet noko av den kvite Norvegia-osten, ein ost meierisjefen likar godt.

– Og kva er dommen over Norvegia paprika?

– Eg likar han veldig godt! Eg har som sagt allereie sikra meg ein pakke på butikken. Det hadde eg ikkje gjort dersom han ikkje var god. Paprika passar veldig godt til Norvegia!

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Med Norvegia paprika er vi sikra ei meir stabil drift, fordelt over heile året, og det er svært gledeleg

Bente Reklev
Dette vert lest no:

Kvalen satsar i Italia

Jonas Kvalen har signert for italiensk klubb. – Eg byrjar å nærme meg draumen.

Kjentmann:

– Ta med born på Slogen

Usamd i kritikk av merkinga avfjellet.

Klart for to veker med naturfestival

– Heile poenget med festivalen er å by på eit breitt spekter av arrangement.

Gjensynsglede på Vartdal

– Det var spesielt å få sjå Zaina for fyrste gong, seier Mahmoud Dasho med eit stort smil.

– Kommunane har nådd ei IT-smertegrense

Kommunane på Søre Sunnmøre vil samle IKT-kompetansen. Kvar for seg greier ikkje kommunane lenger å følgje utviklinga innan data.

Minnast 22. juli

– Vi må kvar dag jobbe for likeverd, likestilling og mot diskriminering.