Politikarane i Ørsta har håpa at Ørstafjordkryssinga skal verte ein del av Voldatunnelen-prosjektet, og verte realisert om ikkje altfor mange år.

På eit møte mellom Ørsta kommune, Statens vegvesen og samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune i Ørsta torsdag, kom det fram at Ørstafjordkryssinga er så nær kopla til Hafast, at ei avgjerd om bygging ikkje vil kome før Hafast-prosjektet er avklart.

– Ørstafjordkryssinga vert planlagt som ein del av ferjefri stamveg, E39, mellom Volda og Ålesund. Vi vil ikkje vite noko om Ørstafjordkryssinga før vi har fått løyst Hafast-prosjektet teknologisk, med bru over Vartdalsfjorden og bru over Sulafjorden. Det vi arbeider med no, er at teknologien er på plass slik at vi kan byrje på prosjektet i slutten av den komande NTP-perioden, det vil seie frå 2024/2025, sa Strand.

Når Ørstafjordkryssinga er knytt til den komande stamvegen, vil det seie at denne kjem som ein firefeltsveg viss det vert eit stamvegprosjekt.

– Det er ein enorm planleggingsinnsats og teknologiinnsats i gang. Fokuset er ferjefri stamveg, og korleis vi skal greie å finne teknologien som skal krysse Sulafjorden og Vartdalsfjorden. Ørstafjordkryssinga er per dato lite mode samanlikna med andre prosjekt, mellom anna fordi vi ikkje veit kvar Vartdalsfjorden skal kryssast, nær dagens Eiksundsamband eller frå Vartdalsstranda, sa Strand.

Viss Ørstafjordkryssinga ikkje vert eit stamvegprosjekt, kan ein risikere at anlegget vil verte fylkeskommunalt.

Styreleiar Paul Kristian Hovden i Fefast reagerte sterkt på meldinga.

– Dette er noko av det verste eg har høyrt på lenge. Dette vil seie at tungtrafikken vil gå gjennom Ørsta sentrum i svært mange år enno, sa Hovden.

Også teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot var overraska og vonbroten.

– Der vil uansett verte ein del trafikk på ein nedklassifisert E39 mot Festøya. Viss ikkje Ørstafjordkryssinga kjem, vil trafikken gå gjennom Ørsta sentrum. Det vil også vere tungtrafikk, sa Sundgot.

Han vedgjekk at han var demotivert.

– Det er demotiverande at vi aldri får kome vidare med planlegginga av framtida sitt Ørsta sentrum. Du nektar oss å kome i gang med planlegginga. Det er temmeleg tøft, sa Sundgot.

Dette avviste Strand.

– Det er heilt avgjerande at vi fyrst finn traseen til E39, og kvar Vartdalsfjorden skal kryssast. Vi snakkar om to heilt forskjellige standardar om Ørstafjordkryssinga skal vere stamvegsamband eller ikkje, sa Strand.