Natt til søndag klokka 00.55 rykte politiet ut til ei ordensforstyrring  på eit arrangement i Volda sentrum. Ein gut i tenåra blir meldt til politiet for bering av kniv. Guten vart køyrt heim til føresette.

Tidlegare på natta vart ein mann i 20-åra bortvist frå sentrum etter utagerande åtferd ved ein utestad.