Nordea lyste før jul ut ein konkurranse der publikum kunne vere med og kåre årets handelsbedrift 2015. Spar Volda trekte det lengste strået i Volda.

Juryen seier: Firmaet Spar Volda har opparbeidd eit godt konsept innan segmentet daglegvarebutikk. Butikken driv godt og har flott utvikling i omsetninga. Mange kundar bruker butikken, og det har mykje å gjere med den positive og serviceinnstilte betjeninga. Dei yter det «lisje» ekstra. Spar Volda tilbyr eit breitt utval av varer, og butikken tek også inn nye varer etter førespurnad frå kundane. Du opplever ei triveleg og flott atmosfære i butikken. Tilbakemeldinga frå kundane er at i ei tid der store flater og stor avstand mellom betjening og kundar dominerer, er Spar Volda ein flott og annleis butikk å handle i. «Her kan du framleis få ei viss «krambu-kjensle», ifølgje kundane, som også trekkjer fram det at dei tilsette pakkar varene i handleposane, som eit positivt og særmerkt trekk ved butikken.

– Dette gjer meg svært stolt, seier eigar Sigbjørn Sæterås.Totalt har butikken 15 tilsette, fordelt på seks årsverk. Butikken har halde det gåande i snart 57 år.

– Vi er framleis nærbutikk i ordets rette forstand. Studentane er flinke å bruke oss, og også voldingane som bur i området. Vi prøver å gi det vesle ekstra gjennom å vere imøtekomande, positive og opne for innspel. Vi har også gratis frukt i butikken til dei minste, og strekkjer oss langt for at folk skal få ei god oppleving her.