Det har vore mykje debatt om denne saka. Utbyggjarane, Ørsta byggservice, ynskjer ei høgast mogleg utnyttingsgrad for å tene på prosjektet, og meiner det også er i tråd med den vedtekne kommunedelplanen om ei ytterlegare fortetting og urbanisering av Ørsta sentrum.

Naboane har protestert veldig, då det frå før i området er einebustader som dominerer. Naboane er også uroa for trafikktryggleiken.Vedtaket i kommunestyret medfører at utbyggjarane får byggje to blokker. Ei på tre etasjar inkludert garasje i fyrste etasje, og ei blokk på to etasjar. Tilkomstvegen vert til Mosmarkvegen.

I vedtaket er det også eit ynske at det vert laga ei busslomme ved Mosmarkvegen med tid og stunder. Blokka på tre etasjar må likevel senkast med tjuefem cm andsynes den føreslegne planen.

Synfaring

Handsaminga starta med ei synfaring i området, der både utbyggjar og naboar fekk sleppe til.

Under debatten i kommunestyret viste det seg raskt at eit stort fleirtal ville kome utbyggjarane i møte.

– Dette er eit godt og framtidsretta prosjekt. Det passar godt med tidlegare signal om fortetting i sentrum. Det vil vere sjølvmotseiande viss vi ikkje godtek ei blokk på to etasjar pluss nedseinka kjellar. Tilkomsten til Mosmarkvegen er betre enn Engesetvegen, sa Inger Sundnes (H).

Paul Kristian Hovden (KrF) ville endre planane vesentleg.

– I utgangspunktet er fortetting eit gode i eit miljøaspekt. Likevel bør vi vere uroa over ei blokk på tre etasjar. Er det ei slik framtid vi ynskjer. Dette skjer i eit område som er låghusområde. Dessutan vil vi med å sende bilane ut i Mosmarkvegen, sende dei ut i den mest trafikkerte kommunale vegen i Ørsta. Her er det hundrevis av mjuke trafikantar morgon, ettermiddag og kveld. Her vert meir utrygt å ferdast, sa Hovden.

Anne Stine Foldal Aam (Sp) meinte at prosjektet som låg føre var godt.

– Vi er nøydde til å ha ein plass å tilby dei som flyttar hit. Arkitektonisk er det eit kjekkare prosjekt å sjå på enn dei fortetta områda vi tidlegare har fått. Det er dessutan ikkje nytt at det vert bedt om fortetting i sentrum. Vi har halde på med dette i tjue år, sa Foldal Aam.

<strong>Synfaring:</strong> Jorunn Beate Lillebø Lande frå AG Plan & Arkitektur orienterer ordførar Stein Aam og kommunestyret om utbygginga på Pettermarka.