Laurdag 12. mars vert sett som siste frist for å melde seg på. Det kan gjerast ved å gå inn på heimesida vor.no. Det er også mogleg å ringje til VØR eller sende e-post.

Det medfører ikkje gebyrauke å vere med på prøveordninga.

Ordninga med innsamling av glas- og metallemballasje vart sett i gang frå årsskiftet, med 16. oktober i fjor som frist for å melde seg på. I første runde vart det levert ut rundt 1.800 dunkar. Fordi fleire samarbeider om ein avfallsdunk, vart rundt ein tredel av abonnentane med allereie frå starten.

Responsen var dobbelt så stor som VØR håpa på, og indikerte ei sterk vilje i Volda og Ørsta til sortere ut meir avfall.

Styret i VØR gav nyleg grønt lys for å gå i gang med prøveordning for innsamling av matavfall med verknad frå 1. januar 2017. Dette skal etter planen verte ei obligatorisk ordning frå og med 2018, på same måte som innsamling av glas- og metallemballasje vert obligatorisk frå og med 2017.

VØR fått inn over 750 nye bestillingar etter fyrste bestillingsfrist. Mest kvar einaste dag har det kome inn bestillingar på glas- og metallemballasjedunk.

Fordi utleveringa i andre runde skal kunne skje effektivt og ryddig, vil det ikkje vere høve til sjølv å hente glas- og metalldunk på VØR medan denne utleveringa er i gang.

Etter at VØR er ferdig med utleveringa, kan glas- og metalldunkar hentast på miljøstasjonen.

Dagleg leiar ved VØR, Petter Bjørdal, håper responsen for å sortere ut glas- og metallemballasje heime vert minst like god som førre gong.

Fungerande driftsleiar ved VØR, Ove Myklebust, er overtydd om at størstedelen av abonnentane til VØR har vorte omfatta av ordninga innan 2017, då innsamling av glas- og metallemballasje vert ei permanent ordning.

Innbyggjarar i Volda og Ørsta har teke oppmodinga om å sortere meir av avfallet på alvor. Dette har også vore ein føresetnad for å kunne gå over til henting av restavfall kvar 14. dag, seier Petter Bjørdal.

Ove Myklebust legg til at den planlagde avviklinga av returpunkt for glas- og metallemballasje rundt om i dei to kommunane er medverkande til at så mange ynskjer å sortere ut glas- og metallemballasje på heimebane.