Det seier dagleg leiar ved Ørsta Camping, Vivian Ose Flø. Torsdag kom representantar frå Nordea og kasta glans over familiebedrifta som har hatt tilhald på Ose dei siste 42 åra. Med seg hadde dei blomster, kake og diplom med æresutmerkinga «Årets handelsbedrift 2015 i Ørsta».

Juryen, som har bestått av næringssjef Odd Magne Vinjevoll og Maria Sundal og Sigurd Bø frå Nordea grunngjev utmerkinga mellom anna med dei tilsette si evne til å sjå kundane.

– Og det er viktig, stadfestar Vivian Ose Flø.

– Ser vi ikkje kundane, då har vi tapt. Det er kundane vi lever av.

I grunngjevinga står det mellom anna: Ørsta Camping er ei familiebedrift som vert drive av tredje generasjon i Ose-familien. I starten tok dei imot folk som var på gode gamaldagse campingturar, med telt, sovepose og primus. Det var i eit tid då Ørstaelva var blant dei mest attraktive lakseelvane. Men tidene har endra seg både når det gjeld campinglivet og laksefisket, og denne endringa har drivarane av campingplassen vore dyktige til å tilpasse seg. Den tre mål store campingplassen er i dag fylt med campingvogner og bubilar. I dag står kioskomsetninga for 85 prosent av totalomsetninga, og er sjølve berebjelken i bedrifta. Det viser seg også at renoveringa dei siste åra, av kiosk- og kaféfasilitetane har vore rett satsing. Suksessfaktoren for denne familiebedrifta er at dei alltid ser kunden og deira ønske.

– Det er ein livsstil å drive ein campingplass. Eg veit at det var mykje tøffare for foreldra mine enn det har vore for meg, seier Vivian Ose Flø.

Ole Martin Ose stadfestar dette. Han hadde full jobb i tillegg til å drive campingplass. I dag kan dottera ha campingplassen som sin faste arbeidsstad, saman med sine mange tilsette.

– Vi er sju tilsette i den harde kjerne, men talet på tilsette varierer etter sesongen. På det meste er vi opp mot 17. Og vi har det veldig bra saman. Her er alle tilsette involvert, og alle får informasjon om korleis det går med bedrifta. Det er viktig for at dei skal kjenne eigarskap, meiner eg. Ambisjonen er at der er nokon som vil ta over jobben etter meg også.

<strong>Juryen:</strong> Dagleg leiar i Ørsta Camping, Vivian Ose Flø, flankert av næringssjef Odd Magne Vinjevoll på si venstre side. Vidare banksjef Arne Lothe, og Maria Sundal og Sigurd Bø frå Nordea.