- Sjukehusa våre er på så forskjellige stader, og med så ulike føresetnader, at vi meiner det er heilt feil at det blir etablert ein generell «skrivebordsregel» i Stortinget, der det for eksempel heiter at det må vere minst 60.000 menneske rundt eit sjukehus for at dei skal ha akuttkirurgisk beredskap, seier Torgeir Michaelsen, helsepolitisk talsmann i Arbeidarpartiet til NRK.

Den nasjonale sjukehusplanen, som vart lagt fram av helse- og omsorgsminister Bent Høie i fjor haust, har skapt kraftige reaksjonar lokalt. Volda sjukehus er eitt av sjukehusa som står i fare for å miste det akuttkirurgiske tilbodet dersom planen blir vedteken.

Michaelsen, som besøkte Volda sjukehus i januar, seier til NRK at dette ikkje betyr at sjukehusa ikkje må bu seg på endring. Partiet meiner likevel det er fleire måtar å organisere akuttberedskapen på.

Både Venstre og KrF uttrykker skepsis til planen, slik han ligg føre no. De ser difor ut til at regjeringa får ei tøff oppgåve med å få fleirtal for planen.