Det er kravet om naudutgang eller rømmingstunnel for tunnelar med stor trafikk som gjer at ei løysing med to løp kan bli aktuelt i Voldatunnelen.

Ali Taheri i Statens vegvesen har gjort nye utrekningar for trafikkmengda i den tunnelen, som skal leie E39-trafikken ut av Volda sentrum. Modellen er heilt fersk, og utrekningane er førebels ikkje kvalitetssikra. Taheri presiserer difor at det kan vere ting som ikkje er teke høgde for, og at tala difor må bli tolka med varsemd.

Dersom tunnelen blir utan bompengar, viser tala at det vil køyre rundt 9.000 bilar i døgnet gjennom tunnelen om 25 år (i 2041). Dette er på grensa for kravet om to løp.

– Vi har prøvd å fjerne så mange feilkjelder som mogleg i utrekningane. Modellen tek mellom anna utgangspunkt i befolkningsdata, arbeidsplassdata, bilhald og kor mange som har førarkort, seier Taheri.

Startar reguleringsarbeidet

Denne våren startar Statens vegvesen opp arbeidet med reguleringsplanen for Voldatunnelen. Arbeidet skal mellom anna avklare kva standard tunnelen og vegen skal få, kva som skjer med lokalvegane rundt, omsynet til gåande, syklande og kollektivtransport og omsynet til hjortetrekket i Furene.

Onsdag og torsdag denne veka arrangerer vegvesenet idéverkstad for planen i samarbeid med Volda kommune, der ei rekkje aktørar frå både det offentlege og det private får høve til å kome med innspel før vegvesenet går i gang med arbeidet sitt.

– Vi er på eit svært tidleg stadium no. Det er viktig at flest mogleg kjem til orde i prosessen, og at vi tek utgangspunkt i ein lik plattform. Då får vi ein god prosess, seier Astrid Eide Stavseng, planprosjektleiar for E39 Volda-Furene i Statens vegvesen.

Ho presiserer at varselet om oppstart ikkje er sendt ut enno, og at dei som bur i og inntil planområdet vil få brev i posten og høve til å uttale seg i løpet av våren.

Sjølv om lite er bestemt førebels, vil Statens vegvesen halde seg til rammene som vart lagde då Volda kommune vedtok kommunedelplanen for området. Denne seier mellom anna at det skal vere rundkøyring på Volda-sida av tunnelen.

– Vi vil unngå omkampar på det som er vedteke i kommunedelplanen. Når det gjeld rundkøyringa, så har det kome nasjonale føringar om at det som hovudregel ikkje skal byggjast rundkøyringar på riksvegnettet. Men vi har hatt ein fråvikssøknad inne hos Vegdirektoratet, og fått gjennomslag for at det passar med rundkøyring her, seier Stavseng.

Gang- og sykkeltunnel?

Ein av tinga som står på plakaten under idéverkstaden, er korleis tunnelprosjektet skal ta omsyn til gåande og syklande, og stimulere til at fleire vel å gå, sykle eller bruke kollektivtransport.

Volda-ordførar Jørgen Amdam meiner det kan vere ein idé å gjere det eine løpet i tunnelen til ein gang- og sykkeltunnel. Denne kan fungere som rømmingstunnel i ein naudssituasjon.

– Det er mange arbeidsplassar både på Volda-sida og på Furene-sida av tunnelen, og ein gang- og sykkeltunnel vil gjere desse meir tilgjengelege utan bil, seier Amdam.

Ein tunnel for gåande og syklande vil også gjere det langt enklare å droppe bilen for dei mange som pendlar mellom Ørsta og Volda, ifølgje han.

Ferdig plan i 2018

Sjølv om tunnelen kjem på plass, vil det framleis vere mykje trafikk på dagens veg. Denne vil få gjennomsnittleg trafikk på rundt 4.500 bilar i døgnet, utan bompengar i Voldatunnelen. Det vil seie at om lag ein tredel av trafikken vil køyre gamlevegen, ifølgje Ali Taheri.

Årsaka er at så mykje som 85 prosent av trafikken i området er lokaltrafikk, og at det er raskare å bruke gamlevegen for mykje av denne.

Det er ikkje tatt avgjerd om kor vidt tunnelen skal finansierast med bompengar. Om dette blir aktuelt, tek utrekningane til Taheri utgangspunkt i at bompengane skal gjelde både for tunnelen og gamlevegen. Tala viser at trafikken blir ein del lågare dersom det blir innført bompengar. Dette gjeld for begge vegane.

Statens vegvesen tek sikte på sende over reguleringsplanen til Volda kommune i februar 2017, og at han skal vere vedteken og godkjend i april 2018.

<strong>Synfaring:</strong> Per Heltne i planavdelinga i Volda kommune orienterer om innslaget for Voldatunnelen på Heltne-sida. No går Statens vegvesen i gang med reguleringsarbeidet for tunnelen.