Det var klart under forhandlingsmøtet på Ørsta rådhus torsdag morgon. Det mange meiner har oppfatta som vanskelege spørsmål i samanslåingsprosessen, vart løyst med forbløffande fart under møtet.

Men frontane var steile i starten. Ørsta-ordførar Stein Aam lanserte Ørsta som kommunesenter, mellom anna med bakgrunn i at kommunen er større enn Volda i dag.

Dan Bjørneset frå Volda var ikkje samd.

– Kommunikasjonsmessig blir Volda det mest sentrale punktet i den nye kommunen. Sidan Volda også har dei tunge, offentlege institusjonane i regionen i dag, finn eg det naturleg at Volda er kommunesenter, sa han.

– I praksis er det temmeleg likegyldig kvar kommunesenteret ligg, men det har stor symbolkraft. Vi må balansere dette med namn og kommunesenter. Om namnet blir Ørsta Volda, bør kommunesenteret ligge i Volda. Om namnet blir Volda Ørsta, bør kommunesenteret ligge i Ørsta, sa Volda-ordførar Jørgen Amdam.

Stein Aam var nøgd med at usemja kom på bordet.

– Eg sett umåteleg pris på direkte tale frå Volda-sida. Slik eg ser det no, er det uproblematisk å kome til semje om dei økonomiske spørsmåla. Då står vi att med kommuneadministrasjonen som det store spørsmålet. Eg er erkeørsting og han Dan (Bjørneset) er erkevolding, men eg trur vi kan kome fram til ein avtale.

Samde

Etter dei to sidene heldt gruppemøte kvar for seg, var Volda villige til å gå med på Ørsta som administrasjonsstad. Den førebelse semja i utvalet går ut på følgjande:

– Den nye kommunen skal heite Volda Ørsta.

– Sentraladministrasjonen (ordførar, rådmann og stab) skal ligge i Ørsta.

– Administrasjonen for dei store, men mjuke tenesteområda som skule, helse og omsorg skal ligge i Volda.

– Det skal utarbeidast eit nytt kommunevåpen for kommunen.

– Fordelinga av funksjonane elles er ikkje ferdig forhandla.

– Dette er eit gjennombrot i forhandlingane, sa ein nøgd Jørgen Amdam etter møtet.

– I dag har vi kome langt, sa Karen Høydal, varaordførar i Ørsta.

Absolutt krav

Når det gjeld dei økonomiske spørsmåla, er den førebelse planen at det skal satsast på bygging av regional fleirbrukshall med symjebasseng i Ørsta og eit nytt kombinert høgskulebygg og kulturbygg i Volda. Volda vil også få på plass ein mindre hall som skal erstatte Voldahallen.

Det er eit absolutt krav frå Volda si side at kommunen fungerer som ein frå og med 2020, og at det ikkje blir inngått noko ektepakt om fordeling av verdiar etter denne datoen. All fordeling må difor skje før 2020.

- Det trur eg kan bli hektisk, men vi kan kanskje få til ein investeringsplan fram mot 2020 som gjer at dette er akseptabelt, sa Stein Aam etter møtet.

Forhandlingane i utvalet er likevel ikkje fullførte. Det er planlagt tre forhandlingsmøte for å sluttføre intensjonsavtalen. Denne skal deretter leggast fram for kommunestyra, før folkerøystinga i mai.

Hornindal

Forhandlingsutvalet er også samde om å invitere Hornindal inn i prosessen. Ørsta og Volda skal fullføre sine forhandlingar først, før det blir konkrete diskusjonar med Hornindal.

- Det er ikkje kompliserande å inkludere Hornindal i den nye kommunen. Det er som å ta inn eit nytt Hjørundfjord eller Austefjord. Det er langt meir komplisert om vi snakkar om Stryn også. Tek vi med Hornindal, får vi også utfordra fylkesgrensa og føretaksgrensa, og det er eit vesentleg poeng, sa Per Are Sørheim frå Ørsta.

PS: I ein tidlegare versjon av denne saka, heitte det at «funksjonane elles skal delast mellom rådhusa». Dette er noko misvisande. Vi har difor endra punktet til «fordelinga av funksjonane elles er ikkje ferdig forhandla.»

Les meir om forhandlingane i Møre-Nytt laurdag.