– Frå og med skuleåret 2016–2017 gjer vi endringar i tilbodet om leksehjelp. Komande skuleår er det alle elevar på 8. trinn som får tilbod om gratis leksehjelp. Tilbodet er frivillig, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Opplæringslova (§ 13-7A) seier at kommunen skal gje tilbod om gratis leksehjelp. Opphavleg var dette eit tilbod til elevar på 1.–4. trinn, men frå og med 2014 kan kommunen sjølv velje kva trinn som skal få tilbod om gratis leksehjelp. Elevane skal ha fått tilbod om leksehjelp på til saman 8 t/veke når dei går ut av 10. trinn.

– Når vi no legg om leksehjelpsordninga, er det fordi elevar på høgare trinn har større behov for – og større nytte av leksehjelp enn elevar på dei lågaste trinna. Tilbodet er ikkje ein del av den ordinære opplæringa i fag og er såleis ikkje underlagt opplæringsplikt. Dette inneber mellom anna at spesialundervisning ikkje er ein del av tilbodet om gratis leksehjelp, melder kommunen.

Skulane som gir tilbod om leksehjelp neste skuleår, vil sende ut meir informasjon når det er klart korleis tilbodet skal verte organisert.