Det seier Ronny Færøy, leiar i skredgruppa i Ørsta og Volda.

I helga gjennomførte Ørsta Røde Kors Hjelpekorps og Ørsta og Volda skredgruppe to kurs på Standalseidet. 15 deltakarar gjekk «Lagleiing Søk og Redning Vinter» (LSOR vinter) og åtte deltakarar gjekk «Redning skred B». Det var Røde Kors sitt fylkeslag som kom med førespurnad om at lokallaga heldt desse kursa som hadde flest deltakarar frå Volda og Ørsta, men også deltakarar frå Narvik. I alt elleve rettleiarar og stabspersonar var med og arrangerte kursa.

Redning skred b er grunnleggjande der ein lærer det som er nødvendig for å delta i redningsarbeid i vinterfjellet. Og mellom det det vart gjeve opplæring i var skredfarevurdering, vegval, kameratredning, førsteinnsats og leiaroppgåver.

– Dette kurset er eit første steg for å kunne vere ein del av den organiserte redningstenesta, fortel Ronny Færøy, ein av instruktørane.Kurset i lagleiing, søk og redning tok føre seg ein kombinasjon av teori og praksis ute med hovudvekt på praktiske aktivitetar i vinterfjellet.

Målgruppa var dei som ønskjer å delta i redningsarbeid ved skredulykker og har gått kurs i ettersøking/redning vinter eller tilsvarande. Kurset var også for dei som ønskjer leiaroppgåver og ansvar for skredopplæring i eige korps.

– Kurset handla m.a. om leiing av aksjonar og lag i aksjonar, og pasientbehandling og transport – og innsats når ambulanse og helikopter ikkje er tilgjengeleg, fortel Færøy.

Motiverte

Han er godt nøgd med kurshelga, og fortel om 23 toppmotiverte kursdeltakarar som la ned stor innsats og iver under perfekte øvingsforhold på Standaleidet.

Den lokale skredgruppa har vel tjue som medlemmer som til ei kvar tid er klare for å rykkje ut ved ulykker i vinterfjellet.

– Vi har god rekruttering, noko som er viktig slik at vi unngår store generasjonskløfter. Alle har ei genuin interesse for friluftsliv i fjellet, fortel Færøy.Med auka aktivitet i fjellet aukar også sjansane for skredulykker. Ronny Færøy rosar dei som ferdast i fjella i vårt område. – Mitt inntrykk er at folk stort sett er veldig flinke. Siste åra har vi delteke i to-tre aksjonar kvart år i fylket. Med auka opplæring aukar kompetansen, noko som er viktig.