Ein student i Volda vart natt til søndag overfallen i ein undergang i Volda.

Kvinna var på veg heim frå ei fødselsdagsfeiring og høyrde på musikk, då tre til fire menn som hadde gått bak henne, la henne i bakken og heldt henne nede, melder Nærnett.

Mennene kommuniserte på eit språk jenta ikkje kjende.

Sjokk

– Det verka som ein av dei var «leiaren» og sa til dei andre kva dei skulle gjere, fortel kvinna til Nærnett.

Ein av mennene skal ha påført kvinna lettare skadar i huda med ein skarp gjenstand. Etter ti til femten minutt forlet mennene staden.

Kvinna fortel at ho var i sjokk, og ikkje greidde å bevege seg.

Kvinna kom seg heim og kontakta ei venninne, som vidare kontakta politiet. Politiet har i følgje Nærnett  vore i kontakt med fornærma to gonger, og seier at de har kartlagt fire moglege personar som kan passe med skildringa av mennene. Politiet har gjenomført innleiande samtalar med mennene, men ikkje formelle avhøyr.

Alvorleg

Gjerningsmennene skal vere av anna etnisk opphav, men noko meir enn dette vil ikkje Hagen si på dette tidspunkt.

– Vi ser svært alvorleg på denne saka. Viss nokon har sett eller høyrt noko i Elvadalen mellom 01.30 – 02.15 natt til søndag, tek vi gjerne imot tips, seier Hagen til Nærnett.