Samferdselssjefen i fylkeskommunen vil legge fram sak for samferdselsutvalet i fylket om organiseringa av drosjane i Ørsta kommune, medrekna også organiseringa av Ørsta Taxisentral. Bakgrunnen er at Norges Taxiforbund, avdeling Møre og Romsdal tilrår at løyva på Sæbø vert tatt inn i Ørsta sentral.

Ørsta Taxi søkte fylkeskommunen i januar i år om nytt reservedrosjeløyve primært til transport av skuleelevar. Samferdselssjefen tildelte Ørsta Taxi eit mellombels drosjeløyve fram til 30. juni på vilkår av at bruken av løyvet berre galdt skule- og rutekøyring. Ørsta Taxi meiner det ikkje er økonomisk grunnlag for å drive løyvet dersom bruken skal vere avgrensa til berre skule- og rutekøyring.

Etter tilbakemelding frå taxiforbundet om at den ledige kapasiteten på Sæbø-drosjene kan verte lagt inn under Ørsta Taxi, trekte Ørsta Taxi søknaden sin.

Samferdselsutvalet har tidlegare gjort vedtak om at det skal verte arbeidd for at Volda Taxisentral og Ørsta Taxisentral skal verte slått saman til ein felles drosjesentral. I dag utgjer Volda og Ørsta kommunar eitt felles løyvedistrikt for drosjar.