Ein mann i 50-åra, busett på Søre Sunnmøre, er av Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembeter sett under tiltalte for to brot på Straffelova, Vegtrafikklova, Brann- og eksplosjonsvernlova og Politilova.

Ifølgje tiltalen skal mannen ha slått til ein politibetjent med knytt neve i andletet under transport til arresten i Ålesund. Han skal ha ført motorvogn i Ørsta utan å ha gyldig førarkort. I samband med køyring utan førarkort skal mannen ha forlate bilen med ein påtent propanbrennar plassert i eit sete. Mannen skal ikkje ha etterkome politiet sitt pålegg om å halde seg vekke frå eit sentrumsområde for resten av natta.

På ein utestad skal mannen, i rusa tilstand, gått bort til fleire gjestar og sagt at han skulle drepe dei.

Saka skal opp i Sunnmøre tingrett 11. februar.