Det er NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning) som gjennomfører det årlege studiebarometeret, der dei mellom anna spør studentane om kor nøgde dei er med studieprogrammet sitt, på ein skala frå ein til fem der fem er mest nøgd.

Grunnskulelærarstudentane for 1. til 7. årstrinn ved Høgskulen i Volda gir studieprogrammet sitt karakteren 4,1 i snitt. For dei som studerer til å bli lærar for 5. til 10. trinn er karaktersnittet 3,9. Svarprosenten blant lærarstudentane er 94 og 97 prosent. Det er inne på den øvre halvdelen i ei samanlikning med dei andre lærarutdanningane i landet, men likevel eit stykke bak dei aller beste. Nettavisa På Høyden i Bergen har samanlikna alle landets lærarutdanningar.

Sogn og Fjordane

Grunnskulelærarutdanninga (1–7) ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) kjem aller best ut, saman med ei av grunnskulelærarutdanningane ved Høgskolen i Bergen. Begge får karakteren 4,6 i snitt.

Grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. årstrinn ved HiSF gjer det også svært bra, og får 4,5 i snitt. Gjennomsnittet for lærarutdanningane i Noreg er 3,8. Dette er lågare enn det totale gjennomsnittet for alle utdanningsprogramma i landet, som ligg på 4,1.

Tidlegare undersøkingar har vist at små utdanningar gjer det bra innanfor lærarutdanning. På Høyden finn likevel ikkje noko samanheng mellom storleiken på utdanningsprogrammet og kvaliteten på utdanninga. På Høyden finn likevel ikkje noko samanheng mellom storleiken på skulen og kvaliteten på utdanninga. Både små og store utdanningar gjer det bra, og små og store utdanningar gjer det dårleg.

I studiebarometeret gir også studentane karakter til utdanningsprogrammet på meir detaljert nivå. Tala viser at studentane meiner utdanningsprogramma er svakast når det gjeld høve til medverknad frå studentane, og sterkast når det gjeld relevans for framtidige yrke. Dette samsvarer med tala for dei andre lærarutdanningane i Noreg.