SV sin folkevalde, Marit Aklestad, har sendt eit grunngjeve spørsmål til ordførar Stein Aam, der ho bed om at det vert lagt betre til rette for politisk aktive kvinner.

– Vi har eit underskot av kvinner i kommunestyret. Aldersfordelinga på dei folkevalde kan også tyde på at det er ein særleg terskel for kvinner i etablerings- og småbarnsfasen å ta på seg politiske verv. Det er desto viktigare å leggje til rette for at deltaking kan gjerast så smidig som råd, også for denne gruppa. Eg har eit praktisk forslag til forbetringar i så måte:

Kan det monterast eit stellebord på handikaptoalettet på rådhuset? Det burde vere ei sjølvfylgje å sleppe å stelle babyen sin på golvet, og det burde vekkje oppsikt at slike basisfasilitetar ikkje er på plass per i dag. Dette er eit tiltak som ikkje berre vil vere til praktisk hjelp for meg og andre i min situasjon, men også kome andre besøkjande ved rådhuset til gode, i tillegg til dei tilsette, skriv Aklestad.