Ein mann i førtiåra vart pågripen av politiet i Ørsta natt til søndag. Mannen raserte leilegheita si under ein fest. Andre festdeltakarar vart skremde av framferda.

I Volda vart to menn viste vekk frå ein båt. Dei to hadde nekta å forlate båten sjølv om festen om  bord var over.

Politiet gjennomførte også ein promillekontroll på Mork laurdag kveld. Eleve førarar vart kontrollerte, og det var ingen utslag.