Føringane i framlegget til nytt inntektssystem gjer at det truleg ikkje er ønskeleg for Volda la vere å slå seg saman med nokon, meiner rådmannen.

Rune Sjurgard har studert framlegget til inntektssystem. Dersom systemet blir vedteke slik det ligg føre, trur han konsekvensane for Volda blir så store at det ikkje er ønskeleg å stå åleine etter kommunereforma.

Mandat

I ei sak som skal opp i formannskapet i neste veke, tilrår rådmannen at politikarane gir administrasjonen og forhandlingsutvalet mandat til å starte forhandlingar med Stryn/Hornindal. Frå før er det berre gitt mandat til forhandlingar med Ørsta.

Sjurgard tek høgde for at forhandlingane med Ørsta kan strande. Då vil han opne for forhandlingar med Hornindal og eventuelt Stryn, utan at Ørsta er med.

Sjurgard ser føre seg fleire moglege utfall av forhandlingar, både kommunesamanslåing og ein avtale om å samarbeide om ein sterkare region. I forhandlingsutvala i Ørsta og Volda er det likevel førebels semje om å halde Hornindal og Stryn utanfor diskusjonen.