Landbruksminister Jon Georg Dale er sjølvskriven gjest når vestlandsbonden står i fokus på ei nyskipa konferanse i Ørsta.

– Eg reknar med storoppmøte i teatersalen på kulturhuset 26. februar. Dette er eg svært glad for at vi har fått til. Dette gir eit løft til ei næring som er i sterk nedgang i regionen. Som den nest største landbrukskommunen i fylket kan vi ikkje sitje i ro og sjå på det som skjer, seier ordførar Stein Aam.

Det var bonde og tidlegare jordbrukssjef Kolbein Ryste som tok initiativet til konferansen. Fleirtalskoalisjonen i Ørsta, med Sp, Frp og Ap tok tak i ballen, og har sidan fått han til å rulle seg stor. Næringskontoret har vorte med. Landbrukskontoret er med. Bondelaget er med, og engasjerte bønder er med.

Meieribesøk

– Vi startar dagen med eit besøk på meieriet saman med landbruksministeren. Etterpå vert det opning av konferansen på kulturhuset ved ordføraren, fortel næringssjef Odd Magne Vinjevoll.

Dei har fått solide namn til konferansen. I tillegg til at landbruksministeren skal snakke om vestlandsbonden, kjem mellom andre leiaren for Norsk Landbrukssamvirke Ola Hedstein for å snakke om landbruket inn mot det grøne skiftet.

Jenny Klinge kjem, Kristin Sørheim kjem, Brita Skallerud frå Noregs bondelag kjem, ordførar i Stranda kjem, Hans Peter Eidseflot kjem for å snakke om skognæringa, og Knut Hustad vil halde appell for bondelaget.

– Og til slutt vert det paneldebatt med alle deltakarane, fortel Vinjevoll.

– Med denne konferansen ønskjer vi å gi eit løft til næringa og sette dagsorden, seier ordførar Stein Aam.

Messe i april

Odd Magne Vinjevoll lovar også at dei vil følgje opp med ei landbruksmesse av same kaliber som det vart halde i fjor, då det kom 3.000 besøkande. Denne messa vert arrangert i april.

– På landsbasis genererer landbruket 2–3 arbeidsplassar elles i samfunnet. Eg er sikker på at vi kan doble det her i området, med den konsentrasjonen som næringa har her. Vi håper dette vil gi eit større fokus på landbruket, seier Vinjevoll.

At det er vestlandsbonden som vert det gjennomgåande temaet for konferansen er ikkje tilfeldig.

– Omlegginga av jordbruket går ut over vestlandsbonden. Dei tek frå dei minste og gir til dei store. Det treff oss midt i hjartesjela, seier Knut Hustad frå bondelaget.