– Det kan hende vi må akseptere at Ørsta får større investeringar over ein periode, men vi må sjå dette i ein samanheng, sa Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) under forhandlingsmøtet om kommunereform i Furene torsdag ettermiddag.

Ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta var klar på sin forhandlingsposisjon.

– Det er ein verdiskilnad på om lag 300 millionar kroner i Tussa-aksjane til dei to kommunane, og lånegjelda til Ørsta er om lag 100 millionar kroner lågare enn Volda si. Eg vil forsvare verdiane til Ørsta, sa han.

Både rådmann Wenche Solheim og Høgre-representant Per Are Sørheim stilte seg bak overslaget på rundt 400 millionar kroner til saman.

Aam er både open for at Ørsta får behalde verdiane som ei form for særeige, eller at Ørsta får realisert investeringsprosjekt før Volda.

Det var særleg to investeringsprosjekt som gjekk att i diskusjonen i forhandlingsutvalet: Fleirbrukshallen i Ørsta og campus-prosjektet i Volda, med eit kombinert kulturhus og høgskulebygg.

– Dette er begge regionale prosjekt, som vil gi eit løft til begge kommunane. I tillegg har vi behov for ein ny, mindre hall ved Volda vidaregåande skule. Her bør vi tenke heilskap, og kople prosjekta saman for å løyse ut meir statlege midlar, sa Amdam.

Wenche Solheim, rådmann i Ørsta, åtvara mot konsekvensane dersom ikkje utvalet kjem til ei løysing som ørstingane er nøgde med.

– Ørsta har vore ein Robek-kommune i mange år, og vi har eit stort investeringsbehov. Om det blir berre eit snev av kjensle av at desse investeringane glepp, så har vi eit problem. Det er mykje psykologi i denne saka. Vi kan godt seie at vi skal bygge regionsenter og ha visjonar, men mange tenker at dei har det bra som dei har det, og er ikkje opptekne av å vere regionsenter. Vi skal ha visjonar, men vi må tenke på kva folk flest er opptekne av. Politikarane har ein jobb å gjere med å selje dette inn, sa ho.

Volda har også eit stort investeringsbehov. Rådmann Rune Sjurgard tok likevel til orde for at ikkje berre verdiane kommunane har i dag blir lagt vekt på, men også potensialet i samanslåinga.

– Det er viktig å ha klart føre seg bakgrunnen for at det skal vere vits i å slå seg saman. Då må vi bli samde om kva som er viktig for å løfte regionen og få fleire unge til å flytte hit. Om vi heng oss opp i rekneark, klarer vi kanskje ikkje det.

For han er det sentralt at begge partane tener på ei samanslåing, og at det finst grenser for kor mykje Volda vil gi ved dørene.

– Vi må finne ut kvar grensa for kva vi kan akseptere ligg, sa Sjurgard.

– Oppsida med ei kommunesamanslåing er viktig, og her ligg potensial for effektivisering, å hindre nedgang i statlege overføringar og å legge til rette for ei positiv befolkningsutvikling. Men for oss er det også viktig å vite kva vi har med oss inn i ei samanslåing, svarte Per Are Sørheim.

Jørgen Amdam ser for seg ei ektepakt i to trinn. «Trulovinga» skal vare fram til 2020, men då startar «ekteskapet».

– Eg trur vi kan vere med på at Ørsta får noko meir fram til 2020. Men frå då må vi køyre fullt og heilt som ein kommune, elles har vi inga reell samanslåing, sa Amdam.

Stein Aam likte ideen om ein totrinnsrakett, men meinte tidsperspektivet til Amdam var noko kort.

– Eg ser føre meg ein investeringsplan over minst 10 år, sa han.

Det er semje i forhandlingsutvalet om at det skal utarbeidast eit økonominotat, som skal vere eit vedlegg til intensjonsavtalen om samanslåing. Til neste møte skal kommunane sjå på investeringsbehova sine, og prioritere desse. Dette skal danne grunnlaget for ein felles investeringsplan for åra etter samanslåinga.

Den tydelegaste samanslåingsskeptikaren rundt bordet, Stein Aam, var ikkje vonbroten etter økonomidebatten.

– Dette er vanskeleg for meg, men eg er oppløfta. Tankane rundt bordet er konstruktive, og når vi får eit møte eller to til, trur eg det er mogleg å bli samde om ein avtale vi kan legge fram til folkerøystinga.

<strong>400 millionar:</strong> Tussa-aksjar og lågare lånegjeld utgjer om lag 400 millionar kroner til Ørsta sin fordel, hevda ordførar Stein Aam, og fekk støtte frå rådmann Wenche Solheim.
<strong>Det store bildet:</strong> Volda-rådmann hadde forståing for behovet for ein investeringsplan, men oppmoda også utvalet om å «det store bildet».