– Dette er verdfullt for oss. Ein ting er å vere i klasserommet, men det å kome ut, og det å få sjå korleis eldreomsorg er i praksis, det er det viktigaste.

Det seier faglærar Jorunn Brunstad ved Borgund vidaregåande skule.

Torsdag var elevane på helsefagarbeidarline, 22 i talet, på ekskursjon til Sæbø og Hjørundfjordheimen.

Utmerkt seg

At det vart Hjørundfjordheimen, var ikkje tilfeldig.

– Hjørundfjordheimen har eit godt rykte på seg, spesielt i arbeid med demente. Denne heimen utmerker seg, og har fått prisar. Difor var vi ikkje i tvil om målet for ekskursjonen, seier Brunstad.

Litt forseinka kom dei til Sæbø torsdag, grunna snøkave. Då vart dei møtte av ein forventningsfull gjeng, for både tilsette og pensjonærar såg fram til besøket.

– Det er fyrste gong vi har hatt ei skuleklasse på vitjing på denne måten, og det er stas for oss også, seier pleiar Ann-Helene Wille.

Målet for ekskursjonen var å følgje arbeidet på Hjørundfjordheimen ein heilt vanleg arbeidsdag. Elevane vart delte inn i grupper, og fekk observere dei ymse aktivitetane.

Aktivitet

Hjørundfjordheimen har to hovudavdelingar. Ei buavdeling i fyrste etasje, og sjukeheimsdelen i andre etasje. Stikkordet for heile institusjonen er å halde folk i aktivitet.

Under vitjinga av Borgund-elevane torsdag vart det improvisert noko, slik at elevane skulle få sjå døme på fleire aktivitetar. Desse er elles spreidde meir utover dagen.

På trimrommet gjorde Norunn Aklestad seg klar til føremiddagsykta.

– I dag er vi rundt ti, men vanlegvis er vi kring 15. Fordi vi må vise fram andre aktivitetar, er vi ikkje så mange som vi vanlegvis er, fortel Aklestad før ho set i gang med trimmen. Då er det på med cd-spelaren og instruksjonar til trimminga. Det handlar om å få bein og armar i rørsle, og blodsirkulasjonen i gang.

Spennande

På eit anna rom vert det spelt gitar, og det vert lese og prata.

– Nokre av elevane våre har vore i praksis, men på langt nær alle. Her får dei sjå og oppleve om dette er eit yrke dei vil inn, og som høver for dei. Det å få sjå arbeid med eldre i verkelegheita er spennande, seier Brunstad.

Prisar

Hjørundfjordheimen har mellom anna fått tildelt arbeidsmiljøprisen til kommunen og fylkeskommunen, og har fått demensprisen til Nasjonalforeininga for folkehelsa. Tilsette ved heimen har vitja kommunar og institusjonar for å fortelje korleis opplegget ved heimen er.

Ann-Helene Wille fortel at dei tilsette berre er glade for å få eit besøk som torsdag.

– Vi synest det er kjekt å få vist fram og fortalt om kva vi held på med, og det er berre hyggjeleg at andre vil lære, seier Wille.

Etter at elevane hadde vore på dei forskjellige stasjonane, vart dei samla til ei matøkt og meir informasjon om arbeidet. Der vart det mellom anna vist bilete frå fleire av ekskursjonane aktivitetane som Hjørundfjordheimen har. I løpet av eit år kan det verte både hurtigrutebesøk, slåttedag og julebord.

– Mange av elevane våre skal ut i arbeidslivet og arbeide mellom anna med demente. Då er det inspirerande å sjå dette, seier Brunstad.