Onsdag 17. februar dreg ein delegasjon frå Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) og aktuelle samarbeidspartnarar til Tønsberg for å sjå på biogassanlegg. Det er i samband med planane om eit biogassanlegg på Melsgjerdet.

Greve Biogass er eit anlegg som baserer seg halvt om halvt på matavfall og gjødsel frå landbruket. Nasjonale styresmakter har ei målsetjing om at 30 prosent av all husdyrgjødsel innan 2020 skal innom eit biogassanlegg for å ta ut den miljøskadelege metangassen. Dette målet har Vestfold allereie oppnådd gjennom Greve Biogass.

Dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal, seier at det interkommunale renovasjonsselskapet er heilt avhengig av å få andre med på laget for at eit biogassanlegg på Melsgjerdet i Ørsta skal kunne verte noko av.

Her har VØR sikra seg 20 mål i eit nytt industriområde.

– VØR ynskjer å undersøke om det er mogleg å byggje eit fullverdig biogassanlegg, slik at matavfall og husdyrgjødsel ikkje vert køyrt ut av distriktet og for at verdiskapinga skal kunne skje lokalt, seier styreleiar i VØR, Jon Helge Bjørndal. Det vert eit forprosjekt i løpet av våren.