Dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal, forklarar at etter at VØR frå årsskiftet gjekk i gang med prøveinnsamling av glas- og metallemballasje ute hos abonnentane, har innsamla volum på returpunktet ved den tidlegare Prix-butikken vorte kraftig redusert, heiter det i ei pressemelding frå Volda og Ørsta Reinhaldsverk.

Vidare vert ikkje området brøyta på vinterstid lenger, noko som gjer det vanskeleg å ha eit returpunkt der.

Vil fjerne fleire

Han seier at etter kvart som stadig fleire tek del i ordninga med innsamling av glas- og metallemballasje, vil dei fleste av returpunkta ute i dei to kommunane verte tekne bort.

– Dette er noko som vi vurderer fortløpande. Eg kan i dag ikkje seie sikkert kor fort avviklinga vil skje. Likevel kjem vi til å ha att eitt eller to returpunkt i dei to kommunane også etter at innsamling av glas- og metallemballasje har vorte ei obligatorisk ordning frå og med 2017. Kvar dette skal vere, er enno ikkje avgjort, seier Petter Bjørdal.