Ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal fryktar at Sunnmøre skal bli del av ein utvida Trøndelags-region som følgje av den komande regionreforma, melder Fjordingen.

- Ei samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vil vere ein katastrofe for ei samanslåing på tvers av fylkesgrensen i Nordfjord og på Søre Sunnmøre, seier han til avisa. Lødemel trur det kan vere ei løysing å dele regiongrensa ved Romsdalsfjorden, slik at Sunnmøre blir del av Vestlandet og Romsdal/Nordmøre blir del av «Stor-Trøndelag». Han får støtte frå ordførarane i Volda og Ørsta.

- Heile Søre Sunnmøre har ein kultur som passar sørover, ikkje nordover, seier Ørsta-ordførar Stein Aam til Fjordingen.

Både han og Volda-ordførar Jørgen Amdam opnar for ei deling av Møre og Romsdal, der Sunnmøre ser sørover.