Leiar i kultur- og folkehelseutvalet i fylket, Marit Krogsæter (SP), var saman med resten av utvalet på besøk i Ørsta og Volda denne veka. Torsdag besøkte dei Ørsta ungdomsskule saman med lokale politikarar og representantar frå administrasjonen i kommunen. Her fekk dei eit innblikk i korleis skulen jobbar med folkehelse.

Klassesett

– Vi har klassesett med spinningsyklar, vanlege syklar og ski. Vi har tilgang på ein stor idrettshall, og har store uteområde, fortalde lærar Emilia Ragnarsdottir.

Ho passa på å framheve gymlærar Einar Myrold som ein primus motor for å få på plass alt utstyret. Gjennom velvillige sponsorar har ungdomsskulen sakte, men sikkert bygd seg opp eit skikkeleg tilbod som alle elevane kan nytte seg av.

Og utvalet, der Hans Olav Myklebust (Frp) er ein av representantane, var imponert og overraska over kor velutstyrt Ørsta ungdomsskule er.

– Å få på plass dette på eiga hand, med hjelp frå sponsorar er kanskje ein utypisk ting å gjere. Her sit dei ikkje berre og ventar på å få ting servert, men er aktive sjølve med å få ting på plass. Det er fantastisk bra at alle elevane stiller likt, med likt utstyr. Det gjer det lettare for familiar som kanskje ikkje har råd til alt, seier Marit Krogsæter.

– Vi vil få med alle. Det gjer vi når vi har dette utstyret, og det er vel det folkehelse handlar om, seier Ragnarsdottir.

Genialt

– Det såg ut som ei slagmark då eg gjekk her. No er det fantastisk flott, sa ein entusiastisk ordførar Stein Aam, som var med på besøket. Han rosa stå-på-viljen som han meiner merkast i veggene på skulen.

– Å ha klassesett med utstyr er berre genialt. Det ligg midt i mitt hjarte. Det er ein stor ting å gjere. Her er alle med. Det er det vesle ekstra, helsa han entusiastisk.

På spørsmål om kven som held utstyret ved like, hadde Emilia Ragnarsdottir også svar.

– Det er det elevane sjølve som gjer. Teknologi valfag har i oppgåve å sjekke mellom anna syklane og spinningsyklane.

– Genialt opplegg, helsa representantane i utvalet.

Rektor Marianne Solbjørg Ose seier at det var spennande og kjekt å få utvalet på besøk.

– Det er eit stort ansvar, men også ei stor glede å få vere med å lose ungdomane gjennom oppturar og nedturar i kvardagen. For det er mest kvardagar. Vi har 190 skuledagar i året, der alle dagar er like viktige. Elevane bankar på døra vår kvar dag, og det er vår jobb å sjå dei og lære dei litt på vegen, og då snakkar eg om meir enn fag.

Rektor presenterte resultat frå undersøkinga Ungdata som viser at elevane ved ungdomsskulen er godt nøgde.

– Vi har trygge ungdomar som har trua på seg sjølv, som bryr seg om andre og som jobbar for fellesskapen. Vi har lite mobbing, men ingen skular er dessverre mobbefrie, så dette er også noko vi jobbar med.

Systematisk

Bakgrunnen for besøket frå utvalet handlar om å få eit overblikk over kva som vert gjort for folkehelsa i ulike delar av fylket.

– God folkehelse handlar om systematisk arbeid, der vi skal ha oversikt og mål for framtida. Her gjer de ein god jobb. Det er tydeleg at de ved Ørsta ungdomsskule har god trivsel både blant elevar og tilsette Vi gler oss til å følgje med vidare, helsa Marit Krogsæter til rektor.

<strong>Leiar:</strong> Marit Krogsæter (SP) er leiar for kultur- og folkehelseutvalet på fylket.