Seksjonen Bu- og habilitering gir tenester til menneske med utviklingshemming. Seksjonen har tretten faste tilsette, og tradisjonelt har dei gått dagvakter, kveldsskift og helgevakter. For eitt år sidan starta arbeidet med å sjå på andre måtar å arbeide på knytt til helgejobbing. Omsorgstenestene har hatt utfordringar knytt til helgene, og mange har vore på jobb for å kunne gje eit godt tilbod.

Det har og ført til fleire små stillingar og vikarbruk. Frå komande veke innfører Bu og habilitering ei prøveordning som skal vare i eitt år framover. Ein alternativ turnus med vakter på 13 timar laurdag og søndag vert innført, og seks av tretten faste tilsette har frivillig sagt ja til å prøve ut ordninga.

– Ein viktig grunn til at vi prøver dette ut er omsynet til brukarane, og for dei er det veldig positiv med kontinuitet blant dei som arbeider helg. Helgedagane vert meir føreseielege og det vert enklare med aktivitetar for brukarane. Det har vore det største fokuset for vår del, seier einingsleiar Kine Zeiner for sone 2 Bu og habilitering.

Tidlegare har dei tilsette arbeidd kvar 3. helg, men i den alternative turnusen vert det kvar 4. helg. Vaktene er på 13 timar, og startar kl. 9 om morgonen til kl. 22 på kvelden.

Dei to siste åra har det blitt gjennomført to brukarundersøkingar på Bakk-Ola-marka. For brukarane på Bu og habilitering har det tydlegaste teiknet vore at dei vil bestemme meir sjølv.

– Dagsturar har m.a. vore etterspurt, men dette har ofte blitt forhindra sidan dei tilsette må vere tilbake til vakta deira sluttar.

Slike aktivitetar kan no lettare verte realisert då personalet er på jobb heile dagen, og ikkje må bryte opp ein fin tur kl. 14.

I den alternative turnusen har dei tilsette rett på gode pause, og fasilitetane for dei tilsette vert no laga til. På ei vakt på 13 timar har dei tilsette 1,5 timar med pause på huset. Dei tilsette som skal prøve ut ordninga er spente og positive.

– Det er spennande og vi får meir ro i helgene. Det blir kontinuitet gjennom heile helga, seier Anita Follestad, Maria Mork og Lise Rogne.

Arbeidet som Zeiner har lagt ned får ros frå dei tilsette.

– Vi har fått kome med synspunkt og idear, og alle er godt førebudd på den alternative turnusen.