Mannen, som driv eige selskap, var sikta for at han unnlèt å føre eller sørge for å føre rekneskap for verksemda i 2013.

I retten forklarte mannen at han gjekk på ein smell. Det skjedde mykje i privatlivet og arbeidslivet som ikkje gjekk han sin veg. Dette medverka til at han ikkje brydde seg. Han var klar over at han var pliktig å føre rekneskap i den aktuelle perioden, og at det var dumt gjort av han å prioritere annleis. Mannen erkjente seg straffskuldig etter siktinga, og han samtykka til at saka vart avgjort ved ein tilståingsdom.

Retten fann det bevist at mannen gjorde som beskrive i siktinga, og at han handla med nødvendig grad av skyld. Både dei subjektive og objektive vilkåra for straff var oppfylt. I skjerpande retning la retten vekt på at mannen tidlegare er domfelt for brot på skatt- og rekneskapslovgiving, men dei la og vekt på at verksemda er relativt liten.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømt til fengsel i 21 dagar på vilkår. Fullbyrdinga av straffa var utsett med ei prøvetid på to år. Mannen erklærte at han vedtok dommen.