Det seier Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda, til nettavisa På Høyden i Bergen.

Allianseplanane mellom høgskulane i Volda, Lillehammer og Molde har fått eit endeleg nei frå Kunnskapsdepartementet. Dermed må Høgskulen i Volda finne ut kva dei skal gjere vidare i samanslåingsprosessen. Eit alternativ kan vere å melde seg på i fusjonsprosessen mellom høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund. Dei tre planlegg eit nytt profesjonsuniversitet på Vestlandet. Men det er altså Roppen skeptisk til. Bjørn Haugstad (H), statssekretær i Kunnskapsdepartementet, seier til På Høyden at Volda har tid til å tenke seg om, men at dei må tenke effektivt og kjapt. Volda har også planar om eit større samarbeid med Universitetet i Bergen. Men statssekretæren ser ikkje ein fusjon mellom desse to som særleg aktuelt, ifølgje På Høyden. – Eg ville trudd at Voldas veg inn til UiB ville gått via eit profesjonsuniversitet, seier han til nettavisa.