Det meiner Paul Kristian Hovden (KrF). I formannskapet vart saka om flytting av legetenesta frå Vartdal til Ørsta sett opp som ei ekstrasak etter at levekårsutvalet handsama saka førre veke. Hans Olav Myklebust (Frp) hadde i forkant av møtet skrive eit brev der han seier at ei samlokalisering no vil vere i strid med tidlegare kommunestyrevedtak som seier at dette skal skje først når det nye legesenteret står ferdig på Bakk-Ola-marka.

– Det har vore vedteke ikkje berre ein, men to gongar før at legetenesta skal til sentrum, sa Hovden.

– Men ser du noko nybygg, undra Myklebust.

Ryggdekning

Administrasjonen hadde leita fram fleire tidlegare vedtak. Allereie i budsjettsamanheng i 2011 vart det sagt at legetenestene skulle verte samordna i Ørsta sentrum, uavhengig av bygging av nytt legesenter.

– Då har det vore snakk om samlokalisering i dagens legesenter. Der har ikkje vore plass, men no når fysioterapitenesta er ute, er der rom, hevdar rådmannen, som seier at dei heile vegen har meint å ha ryggdekning for å flytte legetenesta frå Vartdal til Ørsta no.

Flyttinga av legetenesta skal vere med på å finansiere leige av nye lokale til fysioterapien. Dei måtte flytte ut av kjellaren til legesenteret fordi legane hadde behov for meir plass.

Sak

Frå Vartdal har det kome store protestar på vedtaket om flytting av legetenesta. Sp, Ap og Frp kom med eit fellesframlegg der dei bed administrasjonen legge fram ei sak om finansieringa og korleis ordninga er tenkt å fungere for vartdalingane. Dei skal mellom anna framleis ha lege fast ein gong i veka på helsetunet.

– Eg trur ikkje det er så store forskjellar mellom det vi vil få til og det som er dagens situasjon. No bed vi om ei enkel utgreiing frå administrasjonen, og ei vurdering av kva som skal skje, så finn vi ut av dette. Vi ønskjer ro og orden rundt denne saka, sa ordførar Stein Aam (Sp).

Formannskapet bed administrasjonen legge fram sak om endring/finansiering av legesenter saka på Vartdal, med seks mot tre røyster.