Men Myklebust var aleine om å meine det då formannskapet tok stilling til saka om rådgjevande folkerøysting og intensjonsplan for samanslåing av Ørsta kommune og Volda kommune.

Enklast råd

– Eg er ikkje samd i at dette handlar berre om Ørsta og Volda, sa Myklebust, og kom med framlegg om eit tillegg i vedtaket. Han ville slenge på «og andre aktuelle kommunar», bak kommunenamna Ørsta og Volda, men var den einaste som stemte for dette forslaget.

– Her må vi gjere det enklast råd viss vi vil ha god oppslutning om røystinga. Vi kan ikkje ordne det slik at folk vert så forvirra at dei ikkje vil delta. Det må vere kort, tydeleg og kontant. I denne saka handlar det om forholdet mellom Ørsta og Volda, sa ein bestemt Jostein O. Mo (Ap).

Primærfokus

Per Are Sørheim (H) sit i forhandlingsnemnda som jobbar med intensjonsavtalen mellom Ørsta og Volda, og også han er tydeleg på at det er desse to kommunane det handlar om, i denne omgang.

– Til folkerøystinga i mai er det dette vi har moglegheit til å rekke. Om vi skal gi signal om at vi ønskjer vidare utgreiing med andre kommunar etter dette, det står att å sjå. Forhandlingsnemnda er ikkje ferdige med sine møter. No er Ørsta og Volda primærfokuset, sa Sørheim.

– Tenkjer vi då å invitere til enno fleire folkerøystingar, i etterkant av at vi har stemt over Ørsta og Volda, undra Myklebust, og understreka at han meiner at dette fort kan verte rotete.

Førehandsrøysting

I vedtaket heiter det at:

«Ørsta kommunestyre vedtek med dette at det skal gjennomførast rådgjevande folkerøysting i spørsmålet om samanslåing av kommunane Volda og Ørsta.»

Vidare står det mellom anna at det skal leggjast til rette for førehandsrøysting i perioden fredag 29. april til fredag 13. mai. Folkerøystinga skal finne stad torsdag 19. mai 2016. Også 16-åringane får røysterett.Det skal også vere folkerøysting i Volda på same dag, og det er lagt inn eit vilkår om likelydande vedtak i begge kommunane. Valsetelen skal også vere den same, både i Ørsta og i Volda.