Ørsta Røde Kors, hjelpekorps, budde seg på orkanen Tor fredag, og hadde folk på vakt på Røde Kors-huset, og store styrkar var i beredskap. Heldigvis vart det ingen aksjonar, men Røde Kors fekk verdfull erfaring i bruken av VHF-sendenettet sitt.

Røde Kors opplevde at det nye digitale naudnettet ikkje fungerte slik som det skulle gjere. I delar av Ørsta var det ikkje råd til å nå fram på naudnettet. VHF-sambandet verka slik det skulle, og alle stader der folk er oppsette med radio, vart nådd.

Korpsleiar Helge Vatne understrekar at det digitale naudnettet er viktig og godt.

– Men vi er avhengige av reserveløysingar som er enkle, ikkje avhengige av kompleks infrastruktur og dermed robuste.

Dette gjeld ikkje berre samband, men dei fleste områda vi treng i slike situasjonar.