Kunnskapsminister Røe Isaksen avviser ein allianse mellom Høgskulen i Volda og to andre høgskular.

Det var måndag Høgskulen i Volda fekk melding om at Kunnskapsdepartementet har sagt nei til høgskulealliansen.

Høgskulen i Volda og dei to alliansepartnarane Høgskolen i Molde og Høgskolen i Lillehammer fekk beskjed om dette i eit brev frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Overraska rektor

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda er overraska over at Kunnskapsdepartementet ikkje har sett potensialet i eit friviljug samarbeid mellom tre gode høgskular.

– Vi må no drøfte situasjonen grundig i leiinga og i høgskulestyret, både for å vurdere brevet og det vidare arbeidet i strukturprosessen, seier Roppen til Høgskulen i Volda si eiga heimeside.

Lærarutdanninga

– Eg er sikker på at vi vil finne gode løysingar for Høgskulen i Volda i det nye høgskulelandskapet, seier Roppen.

Røe Isaksen skriv mellom anna i brevet at lærarutdanninga i Volda ikkje vert sikra ynskt kvalitetsheving gjennom alliansemodellen som er føreslegen.