Levekårsutvalet i Ørsta på synfaring ved Vikemarka skule onsdag i førre veke, og fekk eit innblikk til korleis kvardagen til elevane er med dei tronge tilhøva.

Det er to store førsteklassar ved skulen. For å dele opp klassane og tilpasse undervisninga, må lærarane og skuleleiinga vere kreative.

– Både kjøkenet og lærarromma blir teke i bruk for å få det til, sa Kirsti Øye Driveklepp, seksjonsleiar skule i Ørsta kommune.

Dersom lærarane ikkje får høve til å dele elevane i grupper og tilpasse opplæringa, fryktar Driveklepp for konsekvensane.

– Då vil vi sjå ein auke i behovet for spesialundervisning om nokre år, meiner ho.

SFO og førsteklassingane brukar dei same lokala og må også dele garderobar. Det er svært kronglete i praksis, ifølgje skuleleiinga. Fleire av politikarane reagerte også på dårleg inneluft i lokala der dei minste elevane held til.

– Ventilasjonsanlegget klarer rett og slett ikkje å halde lufta frisk, sa inspektør Irma Håvoll Sætre.

Sidan Vikemarka skule ligg i ei sone med stor fonnfare, har ikkje kommunen lov til å utvide skulen før det er gjennomført tiltak for å redusere faren.

– Men vi trur vi kan ha lov til å byggje på for å gjere skulen tilstrekkeleg stor for dagens elevtal. Dette har vi folk som undersøker no, sa Driveklepp.

Vikemarka skule har vorte bygd ut gradvis, og består i dag av tre separate bygningar. Det er ikkje ein modell Driveklepp ønskjer å gå vidare med.

– Det er svært fordyrande å drive skule i forskjellige bygningar. Dersom Vikemarka skule ikkje blir utvida, må elevar flyttast over til Velle skule. Men også denne skulen har kapasitetsproblem. Om Vikemarka-elevar skal til Velle, må truleg Velle-elevar frå til dømes Rystefeltet til Hovden skule.

Dette blir uansett ein vanskeleg kabal for kommunen. Administrasjonen jobbar no med ei utgreiing av tilstanden og kapasiteten til skulebygningane i Ørsta. Det er venta at denne blir lagt fram for politikarane seinare i vår, og at ho dannar grunnlaget for framtidige investeringar i bygningane.